Tenar fett på røymd laks
Lingalaks, ildsjelar, turistar, villaks-lag og lokalbefolkningen har den siste tida jobba døgnet rundt for å drive gjenfangst på fisken som rømte fra Lingalaks sitt anlegg i Kvam tysdag 24 mai. På Mundheim i Kvinnherad kommune har dei fått mykje fisk på stang, og nokre gode hjelparar har fått finnarløn opp mot 30-40 000 kroner.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Stian Hesvik og Roger Næss kom eins ærend frå Bergen for å fiska etter rømt laks. Eller 200-lappar som dei sjølve identifiserte fisken som, skriv lokalavisa Grenda.
Dei to karane seier dei har nett vore i Bergadalen og levert inn 28 laksar som dei hadde fiska på Mundheim onsdag ettermiddag.
Les også: Lakserømming fører til millionutgifter for oppdretter
Det var om lag 36.700 laks som rømte frå Lingalaks anlegget, og førebels har selskapet fått opp litt over 5000 fisk.
Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling
– Det er dei som har fått både 30.000 og 40.000 i finnarløn så langt. Skal ein få finnarløn for fisken, så må han leverast i Bergadalen, fortel samfunnskontakt Kjetil Hestad frå Lingalaks til avisa.
(Teksten forsetter under bildet)
I alt var det over 90.000 fisk som stod i merden før rømminga.
– Det er 120 tonn fisk som er komen seg ut. Det er klart at dette er fleire millionar i omsetnad for oss som er borte, men det er ikkje det viktigaste no. Dette er fisk som skal vera i merd, ikkje i fjorden, sluttar Hestad.
Les også: – Lingalaks tar rømmingen på alvor