Fleire hundre tusen fisk døyde etter svikt på semi-lukka merd
Eit straumbrot skal ha ført til svikt i den semi-lukka merden til Mowi på lokalitet Slåttenes i Matersfjorden.
Det melder Kvinnheringen.
– Eg kan bekrefta at det har vore ei hending ved Mowi sin lokalitet Slåttenes i Matersfjorden i Kvinnherad. Det stemmer at lokaliteten har semilukka merdar, skreiv Håvard Hustoft, sjef for avdeling akvakultur i Mattilsynet region sør og vest, i ein e-post til Kvinnheringen.
Ifølge avdelingssjefen blei hendinga rapportert inn til Mattilsynet av Mowi sjølv.
– Det totale omfanget av hendinga og eventuelt årsaksforhold er førebels uavklart for Mattilsynet. Mattilsynet avdeling akvakultur er i dialog med Mowi og ventar på fullstendig avvikshandtering og årsaksforhold, opplyste Hustoft til avisa.
Skade på mykje av fisken
Kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi bekrefter til avisa at selskapet den siste helga i mai hadde ei hending på lokaliteten, som gjorde at vasstanden i deira semilukka merdar sokk raskt.
– Sjølv om vi fekk retta opp i feilen så snart som mogleg, førte dessverre hendinga til skade på mykje av fisken i den eine merden, skriv han til Kvinnheringen.
Fiskane i merdar som dei på Slåttenes er avhengige av at sjøvatnet blir skifta ut. Kvar av dei aktuelle merdane i Matersfjorden er utstyrt med seks pumper som syt for vatn inn. Desse er drivne av straum.
Det er det trondheimbaserte selskapet FiiZK som har levert anlegga – som begge er av typen Ecomerden – til Mowi i Matersfjorden.