Salmar og Mowi kan få redusert produksjon
Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg på Sunnmøre og eit på Flatanger i Trøndelag om at Mattilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Bakgrunnen for varsla er langvarige luseoverskridingar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Varsla gjeld desse anlegga:
12209 Rønstad i Volda (Mowi Norway AS)
13246 Voldnes i Herøy (Mowi Norway AS)
35477 Makrellskjæret i Flatanger (Salmar Farming AS)
Selskapa har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak.
Om tiltaket mellombels redusert produksjon:
Mattilsynet kan gi oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem mellombels redusert produksjon Perioden med redusert produksjon vil minimum gjelde for to år og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.
Målet med verkemiddelet er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.
Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon kan auke den igjen når dei har vist at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.