Helsefakta må på bordet i samband med lusebehandling
Veterinærar og advokatar diskuterar i kva grad laksen toler varmebehandling, eller ikkje.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Det aller viktigaste er å få objektiv faktainformasjon om fisken sin generelle helsetilstand på bordet, seier Ole Jacob Myre i selskapet Quantidoc AS i ei pressemelding.
Mediediskusjonen om bruk av varmebehandling som tiltak mot lakselus fortsett. Spørsmålet fleire av aktørane i debatten stiller seg, er om det er helsemessig forsvarleg å utsette laksen for unormalt høge temperaturar, og om den faktisk toler å gjennomgå slik behandling fleire gongar. I tillegg er det også nokre som lurer på kvifor ein blandar advokatar inn i fagdiskusjonar på dette nivået.
Robustheita er avgjerande
Det er heilt vanleg at problemstillingar knytt til fiskevelferd og fiskehelse står sentralt i sjømatmedia, og det er veldig bra, men kanskje debatten også burde omhandle korleis det er mogeleg å skaffe seg betre faktakunnskapar om helsetilstanden til fisken, før ein hamnar i ein akutt situasjon, står det i pressemeldinga.
- Dersom fisken er svak i utgangspunktet vil den ikkje tole den same behandlinga som ein robust fisk vil gjere, og dette vil ha sterk innverknad på resultatet av lusebehandlinga, seier Myre.
Han meina det vil vere heilt avgjerande at oppdrettarane og veterinærane har full informasjon om helsetilstanden til fisken i god tid før det er nødvendig å gjennomføre ei lusebehandling. Berre då har ein sjanse til å gjere nødvendige grep.
Tiltak for å hindre tap
Bruk av Quantidoc sin metode for å kvantifisere fisken si robustheit vil ifylgje Myre vere eit svært nyttig instrument som gjer det mogeleg for oppdrettar å hindre store tap. Det heile handlar først og fremst om fisken sitt slimlag, og teknologien som blir nytta set eit objektivt måltal på styrken til slimhinna.
Metoden, som er godt vitskapeleg dokumentert, er allereie tatt i bruk i laksenæringa, og blir også brukt på fleire andre fiskeartar.
Den testar slimbarrierane på hud, gjeller og tarmar og resultatet gjev kunnskapar som kan hjelpe oppdrettarane og fiskehelsepersonell når dei skal gjere viktige val for å sikre at fisken har god helse. Akkurat når det gjeld varmebehandling er det gjerne gjellene på fisken som lide mest, og her er det få andre verktøy som kan nyttast for å overvake situasjonen. Gjellene er også slimproduserande og er kritiske for laksens velferd.
- Eg veit jo at kontinuerlege målingar kan oppfattast som ein driftskostnad, men faktabasert kunnskapar om helsetilstanden til fisken, kan sikre jamn og god produksjon, og ikkje minst hindre uhell. Ei robust slimhinne er ein føresetnad for tilvekst og overleving – utan at ein kjenner status på denne, aukar risikoen for sjukdom og svekka helse betrakteleg, seier Ole Jacob Myre.