Utarbeider forslag for å motverke negative miljøeffektar av lusbehandling
I midten av november ba Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) Fiskeridirektoratet sette i gang ein prosess og foreslå tiltak som kan redusere negative miljøeffektar i samband med behandling av lakselus, skriv direktoratet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet skal med bakgrunn i miljønormen i akvakulturlova utarbeide forslag knytt til tre konkrete forhold i samband med avlusingstiltak:
- Den såkalte kombinasjonsmetoden
- Bruk av flubenzoroner
- Tøming av avlusingsvatn frå brønnbåt
Dialogmøte med næringa
Fiskeridirektoratet tek sikte på å ha eit første utkast til føresegn med tiltak i midten av desember og deretter sende eit endeleg forslag på høyring i byrjinga av februar neste år.
Parallelt med utarbeiding av forslag til føresegn skal direktoratet ha møter med Havforskningsinstituttet, Mattilsynet, Legemiddelverket og Miljødirektoratet. Deretter vil det bli arrangert eit dialogmøte med næringa.
Når det gjeld kombinasjonsmetoden med bruk av legemiddela azametifos og pyretrioder ber NFD om forslag til tiltak for å stanse bruken inntil kunnskap om eventuelle konsekvensar for miljøet føreligg.
Vidare ber NFD Fiskeridirektoratet komme med framlegg til tiltak som kan hindre oppsamling av flubenzoroner i sediment under oppdrettsanlegga.
Til slutt skal Fiskeridirektoratet utarbeide framlegg til bestemmelsar i føresegna som regulerer bruk av brønnbåt til avlusing av laks.
I praksis tyder det at vatn som blir brukt i avlusing skal tømast i fart utanfor aktive rekefelt og kjende gytefelt.