Mikroalgar skal sikre fiskefôr for framtida
Den 22. november opnar næringsminister Monica Mæland Universitetet i Bergen sitt pilotanlegg for dyrking av mikroalgar på Mongstad.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I dag blir fiskeolje brukt som omega-3-kjelde i fiskefôr, men ressursane er knappe, og behovet for nye omega-3-kjelder er stort. Dersom ein kan bruke mikroalgar, som er lenger nede i næringskjeden, vil det gi ein langt meir bêrekraftig ressurbruk enn i dag, melder Universitetet i Bergen i en pressemelding.
I pilotanlegget vil ein utnytte fotosyntesen, kombinasjonen av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, til å produsere algane.
Til no har dyrking av lovande algestammar blitt prøvd ut i et laboratorieanlegg på Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Heretter kan produksjonen av desse skje i eit større anlegg, slik at næringa får testa ut bruken av omega-3-rike algar i fiskefôr i industriell skala.
Anlegget er plassert like ved Teknologisenter Mongstad (TCM), og får levert CO2 der ifrå. Teknologisenteret er bygd for å kunne fange 100 000 tonn CO2 i året. Fram til no har gassen blitt slept ut til luft. No vil delar av den komme til nytte i produksjonen av mikroalgar.
Etablering av anlegget er eit resultat av et samarbeid mellom forskningsmiljø og næring. Selskapet CO2Bio vil stå for drift av anlegget i samarbeid med UiB. Universitetet i Bergen er byggherre for anlegget, og har også det faglege ansvaret.
Tid og sted: 22. november