Stranda Prolog fekk overrekt miljøprisen
Under opninga av desembertinget i dag, vart Miljøprisen 2015 overrekt til Stranda Prolog AS. Averøy-verksemda får prisen for det store miljøprosjektet HeliXiR. – Dette er ein pris som betyr mykje for oss, sa dagleg leiar Klaus Hoseth til fylkestinget.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er regional. Og næringsutvalet i fylkeskommunen som tildeler prisen, og i sin tale til prisvinnarane, sa leiaren utvalet, Runar Vestheim mellom anna:
- Prisvinnaren har utmerka seg i miljøarbeid til toppkarakter. Stranda Prolog AS vart etablert av familiens Hoset i 1986 på Averøy, i ei tid då miljøtiltak ikkje var det ein først tenkte på. Dei har bygd opp ei kunnskaps- og kompetanseføretak med over 30 tilsette som framleis er i vekst. Dei har vore oppteken av å designe og levere løysingar til skiftande behov og utfordringar, som til dømes i havbruksnæringa, der eit av dei store problema er lakselus og medikamentell behandling. For å få bukt med desse utfordingane er det viktig at nokon utviklar løysingar for dei, ei slik løysing er HeliXiR, skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune.
I utvalet si grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna:
- Stranda Prolog AS har gjennom det store miljøprosjektet HeliXiR freista å finne metodar for betre fiskevelferd, redusert eller betre medikamentbruk, og samtidig klart å betre produktkvalitet og reduserte produksjonskostnader. Dette er eit viktig bidrag til å løyse sentrale utfordringar i havbruksnæringa, som er svært viktig for Møre og Romsdal.
Prosessen skal redusere medikamentbruk med 90-98 prosent, samstundes med at både lus og kjemiske stoffar kan samlast opp for å gje ein stor miljøgevinst. Systemet filtrerer alt avløpsvatn og kan óg lukkast for å hindre all utslipp. Metoden optimaliserer effekten av aktuelle medikament gjennom laupande kontroll av konsentrasjonsnivå og fisken si opphaldstid i badet, skriv fylkeskommunen.
Resultatet skal vere ein rein fisk og minimal resistensoppbygging i lusepopulasjonen, samstundes som fiskevelferd blir ivareteke. Miljøutvalet meiner at verksemda klart oppfyller retningslinjene for miljøprisen og er eit godt døme på å oppnå ei berekraftig utvikling innan næringsutvikling.
Prisen består av eit diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner.