Masse frå skipstunnelen gir moglegheiter for oppdrettsverksemd
Fleire kommunar har framlagt sine forslag om kva steinmassane frå Skipstunnelen ved Stadt kan brukast til. Tre av forslaga er innan havbruk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Selje kommune har no fått inn fleire forslag om oppdrettsverksemd, som dei no skal vurdere i ny reguleringsplan, kjem det fram i Fjordenes Tidende.
Vågsøy, Selje og Vanylven kommunar har alle blitt bedt om å kome med innspel til kva skipstunnelmassane kan brukast til. Onsdag og torsdag denne veka var Kystverket og kommunene på befaring i området Forslaga om fiskemottak/industriområde, landbasert oppdrettsanlegg og smoltanlegg er nokre av ideane som Selje skal vurdere.
- Eg har for tida ei oppgåve som bindeledd mellom Selje kommune og Kystverket i samband med pågåande reguleringsplan for Stad skipstunnel, seier rådgjevar Reidar Sandviknes.
I den samanheng må kommunen finne tilfredstillande områder for masseplassering som samtidig legg til rette for næringsretta utvikling.
Mange innspel
- Me har fått mange innspel, mellom anna eit område nær tunnelinnslaget i Moldefjorden som kan vera eigna for landbasert oppdrett. Dette fordi det er tilgong på ferskvatn. Dette er per dags dato kun på planstadiet i arealdisponering, og det er ikkje sendt søknadar om dette enda, påpeikar han.
Innspela til forslag om fiskemottak, oppdrettsanlegg og smoltanlegg blant anna er det Selje Næringslivsforskning som står for.
- I fjor kalte vi inn alle medlemma våre og holdt en "brainstorming" rundt kva steinmassene på området rundt Skipstunnelen kunne bli brukt til. Der kasta vi ut mange forskjellige typar idear og hadde litt fri tenking, sier Stig Ødegård, styremedlem og sekretær i Selje Næringsforening.
Han påpeiker at dette berre er forslag dei har kome med, og veit ikkje kva slags idear som kan videreførast eller blir ei mogleg løysing for Selje kommune sin reguleringsplan.