Servicebåt AS utvider med nytt fortøyningsfartøy
Servicebåt AS gjev gass og får snart enda eit fartøy i flåten. - Me er særs nøgde med at selskapet vårt som berre er 18 månader gamalt, har fire fartøy i drift og så mange ansatte. Det er kjekt å skape arbeidsplassar, fortel styreleiar Mons-Ove Hauge.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Serviceselskapet som utfører oppdrag for marin og maritime næringer vart etablert 26. november 2015, og har sidan den gongen gradvis vakse og fått stadig fleire oppdrag innan havbruksnæringa.
Mons-Ove Hauge, arbeidande styreleiar i selskapet, fortel til kyst.no at det nye fartøyet, SAS Leo, er søsterskip til SAS Virgo og SAS Orion, og er utrusta som servicefartøy med utstyr for å hjelpe havbruksnæringa med tenester og spesialoppgåver. Fartøyet får no den siste finpussen av Fitjar Mekaniske Verksted, før det skal takast i bruk i midten av mai.
- SAS Leo er i tillegg spesialutrusta i høve til søsterskipa, mellom anna med større vinsj med «tension» kontroll og frislepp, og to «skinker» på trommelen slik at vinsjen er meir effektiv og sertifisert for bruk til fortøyning og slep, legg han til.
Nyleg var kyst.no med Servicebåt AS ein dag på jobb for å sjå litt nærare på kva dei driv med, og for å få innsikt i korleis dei opplever havbruksnæringa. Du kan lese heile saka her.
Skapar arbeidsplassar
Selskapet som har base i Austevoll har vakse raskt på kort tid, og er no oppe i totalt 23 tilsette.
- Me er særs nøgde med at selskapet vårt som berre er 18 månader gamalt, har fått i drift fire fartøy og så mange tilsette. Det er kjekt å skape arbeidsplassar, seier han nøgd.
Han fortel samstundes at dei har planar om fleire fartøy i næraste framtid, noko som vil resultere i endå fleire arbeidsplassar.
- På våre oppdrag, til dømes ved avlusing, ser me ofte at mekanisk avlusing kan gje høg dødelegheit av slakteklar fisk. Me har utvikla ein metode for å hente opp og sortere ut død fisk. Den levande fisken kan me avlive med godkjent metode og få kjølt ned før levering på slakteri. Me har eit nødprosessfartøy på blokka og søker marknaden etter kunde for prosjektet, fortel han.
Utrusta for framtida
Servicefartøyet Leo har ein mindre hjelpevinch for avlasting i samband med fortøyningsarbeid. Den har plateholder for avlåsing av koplingsplater ved fortøyning og egne fester for å sette på ein mobil haikjeft med kjetting og trosselås på 20 tonn kraft. Fartøyet har fått påmontert ein ekstra kran på 32 t\m med 6 tonns vinsj forut på styrbord side.
- SAS Leo er som du skjønner fullt utrusta for å påta seg oppgåver med fortøyningsarbeider sjølv etter den forventa innskjerpinga av slikt arbeid og påbode utstyr som me forventar kjem i 2018. Fartøyet har også ein ny type spylepumpe integrert i babord skrog, fortel han engasjert.
Hauge fortel dei no vil testa ut den nye Kamat pumpa frå Akva Group i sambamd med notspyling og annan spyletenestar som dei har.
- Me har store forventningar til at denne pumpa skal være mykje betre energiøkonomisk i høve til serviceintervallar og kostnader med dette, fortel Hauge.
Fram til ein eventuell kontrakt vert inngått vil fartøyet operere på spotmarkedet og nyttast til fortøyningsarbeid.
- Første i landet som er godkjent
Fartøyet skal ha eit mannskap på fem, der to er på jobb og tre har fri. Dette går i rotasjon. Men om det skulle vere behov for fleire, er fartøyet godkjend for fire mann og det er lugarkapasitet til dette, ifølge styreleiaren.
- Fartøya våre er av dei fyrste i landet som er godkjent etter den nye sertifiseringsordninga i klassen «Liten Kystfart» med fire mann om bord. Inntil vidare skal fartøyet virke i området frå Stavanger i sør til Møre i nord. Men heile kysten kan lett vere arbeidsområdet sidan det ikkje vert hindra av manglande sertifikat.
Noko dåp for SAS Leo er framleis ikkje bestemt.
- Selskapet er eigd med 1/3 del kvar til AGMG Invest, Annca AS og Moves AS. Reiarane bak selskapet består av Magne Hatlevik (styremedlem), Ståle Kenneth Torsvik (dagleg leier og styremedlem) og Mons Ove Hauge (styreleiar).
Info om fartøyet:
- Lengde: 14,95 meter
- Bredde: 10,00 meter
- Ferskvatn: 4,5 m3
- Ballastvatn: 30,0 m3
- Motorar: Nogva/Scania Type DI 13 70M nedjustert til 500 hk
- Gir og propell: Nogva HC-258 gir med 3,03:1 reduksjon og vridbar propell på Ø1125 mm.
- Hjelpemotor: Nogva Deere Marine 4045DFM50 på 47,5 KVA
- Thruster: 4 stk 50 hk sidethrustere
- Dekkskran: Pallfinger PK65002 (M)E med hydraulisk rekkevidde på 21 meter og Pallfinger PK32050 (M)E med vinsj og rekkevidde på 21 meter
- Lugarar: 3 stk med totalt 4 køyer
Les også fleire relaterte sakar:
Tror på multifunksjonelle fartøy – utvider stadig bedriften