Elevar i arbeid. Det er 12 elevar frå Vg2 akvakultur på Kristiansund vgs. som får opplæringa på oppdrettsanlegget.

No har elevane starta undervisning på oppdrettsanlegget, snart får dei ny båt

12 akvakulturelevar frå Kristiansund vgs. er i gang med praktisk opplæring tre dagar i veka på oppdrettsanlegget Solværet ved Smøla.

Publisert Sist oppdatert

Det skriver Møre og Romsdal fylkeskommune på sin nettside.

Det var sist vinter at Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Nekton fekk undervisningskonsesjon for inntil 780 tonn laks. På anlegget Solværet får elevane ved Kristiansund vgs. tilgang til fisk og topp moderne utstyr i opplæringa. Og snart får elevane ny båt, som dei kan nytte for å komme seg ut til oppdrettsanlegget. Nekton har bestilt fartøyet med planlagd levering i januar/februar neste år.

Nekton har kontrahert eit nytt fartøy for å frakte elevane mellom Kristiansund og oppdrettsanlegget ved Smøla.

– Gull verdt for elevane

Rektor Marit Rovik Bjerkestrand ved Kristiansund vgs seier at undervisningskonsesjonen er gull verdt for opplæring og undervisning for alle elevar på naturbruk. 

– Spesielt på Vg2 akvakultur, fordi dei ikkje kan få meir praksisnær opplæring i så trygge rammar som no. Det er ein draum for alle som held på med yrkesfagleg opplæring å ha eit så tett samarbeid med eit slikt fagfelt. Og eit slikt fagfelt kan ikkje skolen skaffe seg sjølv, ein må ha ein samarbeidspartnar som har aktivitet innanfor oppdrett, seier Bjerkestrand.

– Har interessa for naturbruk og akvakultur auka etter at skolen fekk konsesjonen?

– Det er ein auka interesse for naturbruk generelt, men vi har drive for kort tid til å seie at det er på grunn av det. Men eg trur at det nok også er på grunn av det. 

– Eg antar at vi framover vil sjå at vår skole vil profittere på å ha dette samarbeidet, og at elevane ser kor bra det er. Eit godt svar får vi først om eit par år når dette har fått satt seg, seier rektoren.

Den praktiske opplæringa på anlegget er gull verdt for ungdommane, meinar rektor Marit Rovik Bjerkestad.

Nyutvikla praksis

I dag deltar 12 elever frå andreåret på Kristiansund vgs. i ei nyutvikla praktisk opplæring for Vg2 akvakultur. Elevane er to dagar på skole og tre dagar ute på oppdrettsanlegg, der mesteparten av læringa skjer i båt og ute på matfisklokalitet. Målet er å gi elevane eit realistisk innblikk i arbeidslivet i havbruksnæringa, og samtidig ruste dei med praktisk erfaring i studieløpet.

– Elevane har gitt strålande tilbakemeldingar, og trekker spesielt fram det å lære frå dei erfarne og positive tilsette på lokalitet Solværet og Fjordprakken, seier Roger Osen, dagleg leiar og ansvarleg for undervisningskonsesjonen i Nekton.

– Etter dette året står dei framføre fleire spennande moglegheiter, anten som lærling røktar/driftsteknikar, lærling matros, eller studere vidare for generell studiekompetanse, seier Osen.

Det er Fiskeridirektoratet som gir løyve til undervisningskonsesjon.