Tildeling av utviklings-konsesjonar til Nekst
Etter at Fiskeridirektoratet fredag delvis avslo Nekst sin søknad om 16 utviklingskonsesjonar til HavLiljen konseptet, går direktoratet vidare med behandling av søknaden. Tildelinga er uansett ei stor tillitserklæring til Nekst sin teknologi og konsept.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kommunane Solund og Askvoll ligg med sine havareal rett i tilknyting til store fjordsystem som leiar inn til dei største lakseførande vassdraga i landet. Målet i vårt område er som før å legge til rette for produksjon som kan redusere faren for rømming og lus og samstundes produsere på ein berekraftig måte. Det er derfor viktig at prosjektet er i tråd med Fiskeridirektoratet sin «visjon nullflukt» (2016/2017) og sentrale miljømål for å hindre genetisk påverknaden på villaksen. Dette skriv selskapet i ei pressemelding.
Om vedtaket på 2 konsesjonar blir ståande, står det som kunne ha blitt den størst industrisatsinga i Sogn og Fjordane i fare. Nekst er positivt til at behandlinga fortset, og vil i dialog med direktoratet leite etter løysningar for å kunne realisere prosjektet i ei akseptabel form.
I Nekst er vi heilt samde med fylkesordførar Jenny Følling når ho utrykker uro for at heile fylke ikkje har nokon moglegheiter for vekst utan ny teknologi slik som utviklingskonsesjonane representerer.
Følling har ilag med kystordførarane understreka at Nekst sitt konsept med ny teknologi, som er meir rømmingssikker og lusesikker, er heilt påkravd i vårt fylke.
Finn vi ikkje en akseptabel løysning med Fiskeridirektoratet, vil vedtaket påklagast, seier Kjell Audun Aasen frå Nekst.