Sender første notvaskar til Skottland
Forhandlaravtalen med Yanmar om sal i Skottland og på Færøyane var klar i sommar og alt no er første sal i boks. Det melder Østerbø maskin i en pressemelding.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Dette er ein notvaskar som passar godt for dei krevjande forholda i Skottland. Vi hadde demonstrasjonar der i sommar og fekk vist utstyret vårt i samanlikning med andre løysingar på marknaden. Dei som var med likte det dei såg, spesielt med tanke på dieselforbruk, støy og korleis den taklar ulike utfordringar, seier seljar Kim André Eide i en pressemelding fra Østerbø maskin.
– Vi har selt ein del i Noreg av denne modellen, men dette er altså den første som kryssar landegrensene. Vi jobbar med å få på plass servicenett og vidare oppfølging av kundar. Både i Skottland og nordover i Noreg, fortsetter Eide.
Fakta om notvaskaren
Dette er ein robotvaskar for oppdrettsnot styrt med joystick. Den er utvikla av Yanmar i samråd med Østerbø Maskin. Vaskeren bygger på unik patentert teknologi som brukar alt vatnet i pumpa til vask slik at det kan vaskast med lågare trykk enn andre løysingar. Vaskaren har stor kontaktflate mot nota som sikrar skånsom vask. Samstundes som den kjem til dei fleste stader og taklar røffare forhold betre enn andre.
- Overlevering er etter planen i november. No ser vi fram til å vise notvaskaren til fleire i Skottland, avsluttar Eide