Yatek AS satsar vidare på notvask
Selskapet forteller i en pressemelding at med ein ny Østerbø Yanmar notvaskerobot er dei rusta til vidare satsing.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Leveransen frå Østerbø Maskin AS består av Yanmar notvaskar, slangetrommel og pumpeunit, skrivar dei.
Dei legg til at Yatek AS har hatt Yanmar vaskar i drift sidan 2015, og når dei no skulle ha ny vart ein Yanmar vaskar av nyaste årgang det einaste reelle alternativet.
– Vi har så klart prøvd og vurdert andre løysingar desse åra vi har drive med notspyling. Men det er ingen som gjer kundane våre så nøgde som Østerbø Yanmar si løysing, fortel dagleg leiar i Yatek AS Øyvind Høie.
Påliteleg
Yatek AS fortel at dei opererar først og fremst i områda frå Nordhordland til Sunnfjord og tilbyr notvask og andre tenester til oppdrettsnæringa.
Øyvind Høie har solid erfaring innan havbruk og notspyling og veit kva han treng av notvaskaren når han no oppgraderer.
– Pålitelegheit var veldig viktig for oss. Dette produktet krev lite vedlikehald og Østerbø Maskin AS er raskt på plass dersom det er nødvendig med service. I kombinasjon med lågt drivstoff-forbruk gir dette oss låge og forutsigbare driftskostnader, seier han.
Fullfører jobben
Han fortel at dei er veldig fornøgd med at notvaskaren tåler straum og sjøgang godt slik at dei kan fullføre jobben sjølv under krevjande forhold.
- På grunn av lågt trykk og få dyser vaskar den svært trygt og beheld barkestoff på nota lenger enn andre løysingar. Dette gjer kundane våre fornøgde, seier Høie.
Jan Erik Søreide, sals og marknadssjef i Østerbø Maskin AS fortel at dei er glade for at Yatek satsar vidare på selskapet.
- Dei har sett at vaskeløysinga vår har eigenskapar som kjem både serviceselskap, oppdrettar og fisk til gode, seier han.