AZA-gift mindre giftig enn pårekna

Konklusjonen i ei ny irsk risikovurdering er at AZA-toksin er mykje mindre giftige enn ein hittil har trudd. Vetskapkomiteen for mattryggleik (VKM) har på eige initiativ teke opp att risikovurderinga av azaspiracidtoksin (AZA-toksiner) i krabbe, melder Mattilsynet

Etter høge funn av azaspiracidtoksin (AZA) i brunmat frå krabbe hausten 2005, ba Mattilsynet vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) om ei uttale med omsyn til faren for folkehelsa i samband med dette. ”Vurdering av funn av azaspiracidtoksiner i krabbe” vart klar den 29. mars 2006. Sidan vurderinga blei publisert er det kome fram ny dokumentasjon frå ”Food Safety Authority of Ireland” (FSAI). I dag inneheld kvalitetsforskrift for fisk og fiskevarer av 14. juni 1996 reglar for innhaldet av marine biotoksin i fisk og fiskevarer. Kvalitetsforskrifta vil bli oppheva når nye hygienereglar for produksjon av næringsmiddel (”hygienepakken”) trer i kraft. Noreg vil difor oppretthalde nasjonale reglar på dette området. Ved å ta omsyn til Mattilsynets overvakingsprogram frå 2005 ville ikkje personar med eit vanleg forbruk av krabbe overskride den mengda som kan gi brå sjukdom. Storbrukarar av brunmat frå krabbe vil kunna overskride denne mengda derom dei et brunmat med AZA-konsentrasjonar tilsvarande dei høgste funna som vart gjort i Mattilsynet sitt overvakingsprogram for 2005 og 2006. Ein kan merka seg at det ikkje er meldt om sjukdom hjå folk etter inntak av omsett krabbe i desse åra. Mattilsynet vil nå vurdere den nye tiltaksgrensa VKM har foreslått.

Publisert: 08.03.2007 , 07.00


Siste saker

X