Anne Berit Skiftesvik

Bør innføre fiskefrie periodar

Anne Berit skiftesvik ved Havforskingsinstituttet trur bestandane av leppefisk er gode, men auka etterspurnad frå oppdrettsnæringa medfører større press. -Difor bør det gjennomførast fiskefrie periodar i gyteområda der det er stort fiskepress, seier Skiftesvik.

Kari Johanna Tveit Problem med resistente lusemiddel i oppdrettsnæringa har skapt større etterspurnad etter leppefisk til avlusing. Dette er med å auke presset på dei ville bestandane, og det vert no gjennomført ulike tiltak for å sikre tilgangen på leppefisk på same tid som ein sikrar at bestandane vert forvalta på ein berekraftig måte.

På Havforskingsinstituttet vert det både jobba med forskings på oppdrett av leppefisk og på ville bestandar. Målet med forsking på den ville fisken er å skaffe informasjon om korleis dei ulike ville leppefiskbestandane utviklar seg, for på den måten å hindre at auka press skal medføre nedfisking.

Behov for planlagt uttak I fylgje Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet har ein ikkje full oversikt over utviklinga til alle leppefiskbestandane, og ein veit heller ikkje kor langt nord dei har si naturlege utbreiing. Men dei veit at fisken er veldig stasjonære når den gyte, og at den bruka dei same områda om igjen fleire ganga. Difor meinar Skiftesvik det er veldig viktig å opprette fiskefrie periodar i gyteområda. -Dei fleste fiskarane veit dette, men for å sikre rekrutteringa er det viktig at ein ikkje fiskar tomt i bestemte områder, seier Skiftesvik til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Det er eit dilemma at gytetida for dei fleste leppefiskartane er akkurat i den tida etterspurnaden frå oppdrettsnæringa er størst, men Skiftesvik trur dette går bra dersom ein har ein planlegg uttaket og gjennomfører fiskefrie områder i bestemte periodar.

Fleire ulike artar Dei mest vanlege leppefiskbestandane som vert brukt til avlusing er berggylte, grøngylte, grasgylte og bergnebb. Utanom bergnebben som gyte pelagisk legg alle egga sine på botn. Bergnebb og berggylte kan bli opp til 25 år, medan dei andre leppefisartane har mykje kortare levetid. Berggylte skiftar kjønn når dei er rundt 34 til 36 cm, men eldre hannar er aggressive og blir ikkje brukt i avlusing.

Publisert: 12.07.2010 , 07.00


Siste saker

X