Steinar Eliassen

Bra med heilskapsvurdering

Det er viktig å ikkje gå på akkord med bereevna i eit fjordsystem. Det seier styreleiar Steinar Eliassen i Storfjord Torsk til Norsk Fiskeppdrett/kyst.no

Kari Johanna Tveit I går skreiv Bergens Tidenede at Mattilsynet i Sunnhordland og i Hardanger og Voss etterlyser ei heilskapsvurdering av den biologiske bereevna til Hardangerfjordområdet. Årsaka er at oppdrettarane i området har vore plaga både med PD og mykje lakselus i seinare tid. I eit brev til Fiskeridirektoratet ber distriktssjefane i dei to regionane om at sjøområda som dei har ansvaret for blir delt opp i såkalla smittehygieniske områder, med oppdrettsfrie soner mellom for å redusere smittefaren. I tillegg vil dei at det vert skissert eit biomassetak i dei ulike områda. Då Storfjord Torsk tidlegare i år søkte om utviding av oppdrettsaktiviteten i Storfjord, hadde dei på førehand fått gjennomført ei undersøking av bereevna i fjordsystemet. Undersøkinga som vart gjennomført av Argus Miljø i Bodø syner at fjorden har ein god normaltilstand og er lite følsam ovanfor tilførte næringssaltar som nitrogen og fosfor, føresett at desse vert tilført finpartikulært. Terskelbassenget kan motta tilførsler tilsvarande ein oppdrettsproduksjon på 13000 tonn, utan å redusere oksygennivået til under grensa for «god» i SFT rettleiaren. Ein oppdrettsproduksjon på 13000 tonn kjem i tillegg til den aktiviteten av torsk og lakseoppdrett som føregår i fjorden i dag, men Eliassen påpeikar at det også er viktig med avstand mellom anlegga i tillegg til ein hygienisk produksjon.

Les også

 

Publisert: 29.08.2007 , 07.00


Siste saker

X