Oppdrettstorsk i merd

Gir 2,7 millionar til torske-forsking

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir Havlandet Marin Yngel i Florø nesten 2,7 millionar kroner til å forske på oppdrettstorsk.
Torskeyngel
Havlandet Marin Yngel får nesten 2,7 millionar til å forska på sterilisering av oppdrettstorsk. Foto: EFF Per Eide Studio

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd friske midlar til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Havlandet Marin Yngel AS i Florø fekk nesten 2,7 millionar til å forske på nye metodar for sterilisering av oppdrettstorsk, meldar Firdaposten i dag.

Les også: Kraftig fall for oppdrett av torsk og kveite

Fondsstyret vedtok måndag å løyve totalt 11,5 millionar kroner til fire forskingsprosjekt i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Fondet hadde lyst ut midlar innan satsingsområda berekraftig mat, reiseliv og offentlege utviklingsoppgåver og løyvde midlar innanfor alle tre.

Jone Engelsvold
Jone Engelsvold mener oppdrettsnæringen er viktig og støtter derfor bevilgningen. Foto: Hordaland.no

– Dei prosjekta som har fått støtte, løfter fram forskingstema som er viktige og ikkje minst svært relevante for framtidig verdiskaping eller løysing av viktige offentlege oppgåver i regionen, seier Jone Engelsvold, sekretariatsleiar for Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Sterilisering av oppdrettstorsk

Sjølv om det er gjort store framskritt innanfor torskeoppdrett dei siste åra, står det att betydelege forskingsutfordringar for bransjen. Ei av dei er knytt til tidleg kjønnsmodning hos fisken, noko som fører til dårlegare kvalitet på fiskekjøtet og dessutan auka dødstal blant vaksen hofisk.

Bedrifta Havlandet Marin Yngel i Florø har no fått 2 656 000 kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet for å forske på nye metodar for sterilisering av oppdrettstorsk. Havlandet Marin Yngel vil forska på bruk av spesielle vaksinar som kan avbryta utviklinga av rogn og mjølke utan å påverka vekst og annan utvikling hos fisken.

Matforskingsinstituttet Nofima er forskingspartnar i prosjektet.

– Oppdrettsnæringa er viktig, ikkje berre for landsdelen, men for Noreg og for matforsyninga i verda generelt. Fondsstyret ser det derfor som viktig å støtta forsking som søkjer nye løysingar på sentrale utfordringar i næringa, seier Engelsvold.

Les også: – Lovende forskningsresultater på torsk

Publisert: 18.06.2013 , 12.14


Siste saker

X