- Det viktigste vi har erfart som oppdrettere gjennom 40 år er at vi må finne løsninger på det som bringer utfordringer, slik at vi kan levere kvalitetsfisk hele veien. Her kan vi få til noe, sier Magne Tombre om konseptet. Foto: Jørgen Fagerthun.

Gir ikkje opp «Duo-ring»

Aqua Viva fekk nyleg avslag på søknad om utviklingsløyver på konseptet «Duo-ring». - Me er ikkje einige i avslaget, slår dagleg leiar Magne Tombre fast. No skal han påklage vedtaket frå Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet ga denne veka avslag til søknaden til Aqua Viva,  då dei meiner konseptet ikkje oppfyller vilkåret om «betydeleg innovasjon».

– Me er ikkje enige i  avslaget eller begrunnelsen, slår Tombre fast.

Semilukka anlegg

Aqua Viva AS søkte hausten 2016 om seks utviklingsløyve, og ein MTB på 4680 tonn, for ein periode på inntil fem år for utvikling av «Duo-ring».

Les ogsåVil videreutvikle skjørt mot lus gjennom utviklingskonsesjoner

– Samlar alle gode krefter

Duo-ring vert omtalt som ei produksjonseining, og eit semi-lukka anlegg, med dobbel-ring løysing, der djupe luseskjørt er plasserte på den ytre ringen. Konseptet skal ha inkludert fleire forbetringar på allereie eksisterande teknologi, blant anna innovative forbetringar av luseskjørtet.

– Me har kome så langt og gir oss ikkje no. Me samler alle gode krefter og skal skrive ein god og saklig begrunnelse på kvifor me bør få løyvene, legg han til.

Direktoratet gir på tross av avslaget medhald i at utvikling av eit sterkare og tyngre luseskjørt vil kunne bidra til å ta oppdrettsnæringa vidare reint teknologisk. Men at dette kun er ei naturleg vidareføring av kjend kommersiell teknologi.

Kva som skjer med prosjektet dersom dei ikkje får løyvene, vil ikkje Tombre tenkje på no.

– Me tenkjer me skal få løyver og fokuserer på dette. Det står og mykje positivt om konseptet i vedtaket, før konklusjonen til direktoratet, så me skal prøve å få det til. Meir er det ikkje å seie no.

Publisert: 09.01.2018 , 07.45


Siste saker

X