Laks oppdrettet i lukket merd

Kosttilskot kan slanke laksen

Oppdrettlaksen kan bli slankare og truleg sunnare med kosttilskot, ifølgje ny studie.

Oppdrettslaksen slit med dårleg helse. Ein av fem laks når aldri fram til slaktebenken, ifølgje Fiskeridirektoratets statistikk. Endra samansetning av fôret er truleg ein av mange årsaker: Laksen får stadig mindre marint innhald i kosten ettersom tilgangen på fiskemjøl og marine oljar ikkje kan halde tritt med veksten i produksjonen i oppdrettsnæringa.

Ein studie frå NIFES viser at ekstra arginin i fôret, ei essensiell aminosyre, kan auke feittforbrenninga i laksen.

laks filet
Slankere oppdrettslaks kan redusere slaktesvinnet, mener Andersen. Foto: Ketil Falch

– Slankare oppdrettslaks trur vi betyr sunnare oppdrettslaks, noko som kan redusere slaktesvinnet, seier stipendiat ved NIFES, Synne M. Andersen.

Både fiskemjøl og mange sortar planteprotein inneheld høge nivå av arginin. Det er derfor ikkje snakk om å tilsetje arginin for sikre fiskens ernæringsbehov, men å tilsette ekstra arginin for å gjere fisken meir robust og motstandsdyktig mot smittsame sjukdommar.

Som bakgrunn for studien gjennomførte Andersen og forskarkollegaer fôringsforsøk på laks. Laksen fekk diettar etter modell av kommersielt fôr, hovudsakleg basert på planteprotein. Diettane vart så tilsett høgre nivå av arginin enn det etablerte ernæringsbehovet for vekst i laksen.

I tillegg til å vere byggestein i proteinar, påverkar arginin ei rad metabolske prosessar, mellom anna genuttrykk (korleis gener arbeider i cellene), utskiljing av hormonar og produksjonen av såkalla polyamin, som er avgjerande for cellevekst. Forskarane fann at omsetninga av polyamin i levera hos fisken auka, noko som tyder på styrka cellevekst.

Gutt, laks, fisk, oppdrettslaks, sunt?
 Feittforbrenninga i levra auka, noko som på sikt kan føre til mindre feittlagring og ein slankare fisk. Foto: Havforskningsinstituttet

Frå før har forsking på pattedyr vist at tilskot av arginin i fôret kan redusere innvolsfeittet, og auke muskelbygginga. Forskarane ønskjer no å undersøkje nærare om ekstra arginin faktisk fører til meir musklar og mindre feitt også i laks.

– I vår studie såg vi ingen klar effekt på feittlagringsmønster og muskelvekst. Derimot auka feittforbrenninga i levra, noko som på sikt kan føre til mindre feittlagring og ein slankare fisk. Vi skal no forske vidare på dei molekylære mekanismane for å finne ut meir om arginin og vekst og helse, seier Andersen.

Studien er publisert i British Journal of Nutrition og finansiert av Ewos Innovation og Norges forskningsråd og gjennomført i samarbeid med Universitetet i Bergen og Evonik Degussa Corp.

Les også: – Laks har fått et ufortjent dårlig rykte

Publisert: 30.09.2013 , 09.45


Siste saker

X