Øyvind Kråkås i Havbrukspartner. Foto: Magnus Petersen.

Kva er vekst i lakseproduksjonen verdt?

Prisen på den komande veksten i produksjonskapasitet er sett til 120.000 kroner pr. tonn. Der er mange vurderingar som skal til for å fastslå om prisen er nøktern eller høg, og sjølvsagt kan ein eigentleg ikkje vite på det tidspunktet ein eventuelt kjøper.

Nye løyve for produksjon av laks og aure i sjø har vore delt ut med mange ulike omsyn. Marknadsmessige, distriktspolitiske, industripolitiske og no miljøomsyn. Miljø vil i denne samanhengen bety lakselus sin påverknad på villaksen. Havforskingsinstituttet sine modellar og luseteljing på vill fisk blir regulerande for vekstmodellen, som har blitt kalla trafikklysmodellen, slik at alle skal kunne forstå korleis han verkar.

Målet med dette systemet har vore å gjere veksten i næringa miljøtilpassa, og samstundes føreseieleg for næringa. For at dette skal slå til, må omfanget av vekst og reduksjon vere regulert av velfunderte modellar som kan etterprøvast, og ikkje politiske stemningar eller konjunkturar. Eit tungt ansvar kviler på dei som skaffar kunnskapen ein regulerer etter, fordi der med denne makta fylgjer eit krav om at reguleringa har den ynskte innverknaden på naturen. Eit trafikklys som aldri skiftar farge, er feilkopla.

Ein konsesjon er ikkje lenger ei måleeining 

Etter innføringa av systemet med Maksimalt Tillaten Biomasse (MTB), har ein konsesjon vore det same som 780 tonn ståande biomasse, eller 945 tonn i Troms og Finnmark. Allereie der er altså den eine foten litt lengre enn den andre, men det skulle bli langt meir komplisert. No har ein grøne A, B og C-konsesjonar, utviklingskonsesjonar som kan konverterast til konvensjonelle konsesjonar, visningskonsesjonar med ulik storleik samt Forskings- og Utviklingskonsesjonar med ulik varigheit.

Etter at ein har gjennomført prosentvis regulering av konsesjonar, vil det ikkje lenger vere meining i å snakke om «vanlege» konsesjonar, og dermed heller ikkje å gje eit avrunda svar på kva ein oppdrettskonsesjon er verdt. Ved sidan av den til ei kvar tid gjeldande «saldoen» for det enkelte løyvet, vil lokalisering og eventuelle særkrav vere avgjerande for ei verdivurdering.

Korleis vurdere pris?

Kva ein kan betale for vekst, er ei vurdering som må basere seg på fleire faktorar. Den eine er sjølvsagt det reint produksjonsøkonomiske. Kor effektivt vil aktøren kunne nytte dei ekstra tonna, og kva vil det eventuelt medføre av investeringar og ekstra kostnader å utnytte dei optimalt? Å investere i nytt utstyr, legge ut ein ny lokalitet og ta inn meir folk for nokre få tonn som kan bli borte ved neste regulering, er risikabelt. Og kva kan ein så by for ein heil konsesjon?

I møte med banken er det dei høge omsetnadsverdiane av konsesjonar som forsvarar desse investeringane. Lakseprisen svingar mykje, det er svært risikabelt å legge ein gunstig pris til grunn for ei investering som skal betalast ned over mange år. Men i motsetnad til båtar og fabrikkar er ein oppdrettskonsesjon eit verdipapir, det slitast ikkje med tida på same måten. Men kva då med dei raude lysa? For første gong er faren for ein varig reduksjon i konsesjonsvolumet reell. Det kan gje prisfall i utsette område.

Dei grøne løfta

Når ein skal investere i noko som svingar i pris, må ein alltid gjere seg opp ei formeining om kva det er verdt litt fram i tid. Enten vil ein då utsetje kjøpet for å vente på lågare pris, eller legge till grunn ein tidshorisont for investeringa som gjere ein motstandsdyktig mot ein bylgjedal. Om faren for varig prisfall verkar stor, er risikoen ditto.

For dei som investerer i oppdrettskonsesjonar, er sjølvsagt den framtidige marknadssituasjonen for fisken svært interessant. Men og det framtidige utbodet av nye løyve er avgjerande, og i motsetnad til marknaden vert dette styrt av norske politikarar. Dei skiftast ut, og det har tildelingspremissane hatt preg av.

Dei grøne konsesjonane var det første steget på vegen mot ei miljøstyrt tildeling av nytt volum. Dei kom i tre variantar og med to ulike sett av miljøkrav. Krava den gongen var retta mot færre lus på fisk i anlegga, og redusert rømingsrisiko. C-konsesjonane kom og med eit krav om å ta i bruk teknologi som var utprøvd, men ikkje teken i bruk kommersielt.
Dei som kasta seg rundt den gongen og fekk hand om volum, kan ha rekna med at lusegrensene snart ville vere like strenge for alle. Det har ikkje skjedd. Dei kan og ha tenkt at der ikkje ville kome eit betre tilbod for dei som vil vere med og setje ny teknologi ut i livet. Det var feil, utviklingskonsesjonane har ei langt betre oppside.

Dei som kjøpte C-konsesjonar med krav til maksimalt 0,1 vaksne holus i snitt pr. fisk, og maksimalt tre medikamentelle behandlingar for å halde seg undergrensa, betalte 10 millionar for ein konsesjon og tok på seg ein teknologisk risiko. Der er ikkje opna for å lempe på krava dersom teknologien dei valde på nokon måte skulle slå feil. Dersom prosjekta ikkje blir ein kommersiell suksess, eller at lusegrensa ikkje blir skjerpa for resten av næringa og, kan desse løyva stå att som dei minst attraktive i marknaden.

Då utviklingskonsesjonane kom, tok staten på seg ein større del av risikoen. Du får låne løyvet i ein periode, og viss prosjektet er gjennomført i høve til planen, kan du få konvertere løyvet til å bli ein konvensjonell konsesjon, til ein sum av 10 millionar kroner (justert i tråd med konsumprisindeksen). Dette er ei gåvepakke i forhold til dei grøne C-konsesjonane, og i tillegg har kvar aktør fått tildelt fleire konsesjonar, noko som hjelper godt på kostnadsfordelinga.

Om løysinga med utviklingskonsesjonar endar i eit paradigmeskifte i måten vi produserer laks på, har staten gått framfor og hjelpt ei heil næring vidare. Om det derimot endar med at alle utdelte utviklingskonsesjonar vert omgjorte til konsesjonar utan særkrav, og ingen av prosjekta dannar skule for framtidas oppdrettsnæring, har staten forskjellshandsama aktørar til lita nytte for miljøet.

Er dette faktisk siste tilbod?

Trafikklyssystemet skal vere den endelege ordninga for tildeling av konsesjonsrettar for laks og aure. Men kor fastskrudde er eigentleg premissane her? Allereie i inndelinga av produksjonsområde har ein slege fast at vidareforedling er for viktig til å bli påverka av miljøreguleringar, ved å oppretthalde det interregionale biomassetaket. Dermed har ein alt opna ei bakdør. Kan fleire opne seg?

Det er slege fast at tildelinga vil skje i form av både prosentvis vekst på eksisterande løyve og ved tildeling av nye løyve. Dette skulle vel berre mangle, elles hadde næringa vore stengd for nye aktørar. Tildelinga skal skje etter auksjonsprinsippet. Men erfaringa tilseier at andre element kan bli tekne inn. Og kva viss auksjonen viser at prisen på 120.000 kroner pr. tonn er i dårleg samsvar med prisen på ein heil konsesjon?

Eit anna aspekt er framveksten av landbasert matfiskproduksjon. Vil dette skje i stor skala? Kan dei auka produksjonskostnadane i sjø, og høge prisar for nytt volum vere med å dreie investeringar frå sjø til land? Eller vil landbasert oppdrett i Noreg i all hovudsak bli postsmoltfabrikkar som gjere produksjonstida i sjø kortare?

Spørsmåla er fleire enn svara. Fiskeoppdrett er og blir ei næring med stor risiko; biologisk, økonomisk og politisk. Verdien av å eige ein laksekonsesjon varierer med innteninga i næringa. Verdien av å selje han veit ein først når ein ikkje vil ta sjansen på å vere med lenger.

 

Publisert: 16.11.2017 , 14.51


Siste saker

X