Anne Berit Skiftesvik

Leppefisk som oppdrettsfisk

Forskar Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet har gjennomført mange prosjekt med fokus på oppdrett av berggylte. Så langt har ho funne ut at den treng om lag eit år før den kan settast i arbeid for lakseoppdrettarane. No er ho i USA og Canada og snakkar om erfaringane sine.

Kari Johanna Tveit Anne Berit Skiftesvik har gjennomført mange forskingsprosjekt med fokus på oppdrett av berggylte til bruk for å løyse problema med lakselus i laksenæringa. Men sjølv om ein har skaffa mykje kunnskap er det mykje som gjenstår før ein kan sei at alle problema er løyst og at næringa er kommersiell. -Vi gjennomfører forsøk og lærer heile tida, men det er jo enno ein lang veg å gå. Det vi veit så langt er jo at nokre oppdrettarar klarer å halde lusenivået nede på eit heilt akseptabelt nivå berre ved å bruke leppefisk, seier Skiftesvik.

Lærer den å ete Leppefisken som har lært seg å ete lakselus, har vist at den har god appetitt. -Det blei ein gong funne 214 lus i magen på ei berggylte som vart henta ut frå ei laksemerd, så det er ikkje tvil om at det er mogeleg å få det til å fungere, seier Skiftesvik. Erfaringar som er gjort i næringa viser at ein treng rundt ein prosent innblanding med berggylte i laksemerda for å halde nivået nede. Men dette er avhengig av at laksenota er heilt rein.

Berggylta er stor nok for bruk i laksemerda når den er frå 11 til 12 cm lang, og i tidligare forsøk i oppdrett har Skiftesvik fått dette til på eit år. -Men det inneber ikkje at vi veit alt vi treng å vite om oppdrett av leppefisk og korleis den bør brukast i anlegga, seier Skiftesvik. Ho framhevar mellom anna at ein også må tenke velferd for leppefisken for å få det heile til å fungere. Men når ein har fått dette til vil oppdrett gjere leppefisken mykje lettare tilgjengeleg og difor enklare å bruk for lakseoppdrettarane.

Berggylta et ved låge temperaturar Berggylte leve ikkje i vill tilstand i Nord Noreg, men ein veit at den kan ete ved ganske låge temperaturar. -Vi har sett berggylte ut i anlegg på Vestlandet også om vinteren, men fisken bør avklimatisert først, seier Skiftesvik, og legg til lusenivået i oppdrettsanlegga er høgast om sommaren då leppefisken er mest villig til å ete. Ho meinar også at det bør diskuterast om fisken skal settast ut i områder der den ikkje leve naturleg.

Informasjon over landegrensene Skiftesvik er for tida i Canada og USA for å vere med å samordne eit klimaforskingsprosjekt som føregår på begge sider av Atlanterhavet. I den samanheng nyttar ho høve til å utveksle informasjon med andre forskarar og halde føredrag om bruk av leppefisk og erfaring med oppdrett av berggylte i Noreg.

Torsdag sist veke var ho ved Bigelow Laboratory for Ocean Sciences I Maine, USA for å snakke om korleis leppefisk vert brukt for å løyse problema med lakselus i norske oppdrettsanlegg. Nokre tema i føredraget var utbreiing av vill leppefisk langs norskekysten, korleis fangsten føregår, kva artar som vert brukt og korleis leppefisken bør handterast. I tillegg snakka ho om sine eigne forskingsprosjekt som omhandlar oppdrett av berggylte, og korleis oppdrettsnæringa kan gjere bruk av denne arten.

Leitar etter alternativ Føredraget var i utgangspunktet lagt opp for forskarar ved laboratoriet, men ho hadde også tilhøyrarar frå oppdrettsnæringa i Main. -Dei har jo ikkje same typen fiskar som vi har, men dei var interessert i at forskingsmiljøa skal jobbe med å finne ut kva alternative artar i området som kan brukast for å bli kvitt luseproblema, seier Skriftesvik til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Publisert: 02.08.2010 , 07.00


Siste saker

X