ILA-virus

Mistanke om ILA i Nordland

Det er mistanke om utbrot av Infeksiøs lakseanemi på ein av lokalitetane til eit matfiskanlegga i Salten, melder Mattilsynet.

Mistanken baserer seg på kliniske funn, obduksjonsfunn og histopatologiske forandringar i tillegg til påvist ILA- virus ved immunhistokjemiundersøking på tre av fire innsendte prøvar. Det er ikkje auka dødelegheit i anlegget, og dei innsendte prøvane er teke frå svimarar i to merdar. Lokaliteten er pålagt restriksjonar i følgje krava i ”Forskrift om førebygging, avgrensing og utrydding av sjukdommar hos akvatiske organismar”, og det er oppretta ei midlartidig sone rundt Fauskevika med auka overvaking på matfiskanlegget og forbod mot flytting av laksefisk inn, ut og gjennom sona. Det er ingen andre lokalitetar med fisk innanfor sona. Sona omfattar heile Fauskevika og er avgrensa av landpunkt i vest, Øines (33WWQ104577), mot sjøpunkt nord for Storvika (33WWQ130540) og vidare frå dette punktet til landpunkt øst for Tussvika (33WWQ190541). I tillegg er hele Nedrevatnet omfatta av sona. Distriktskontoret for Mattilsynet i Salten er i gang med ytterlegare prøvetaking for å avklare diagnosen.

Publisert: 16.04.2007 , 07.00


Siste saker

X