Plommesekklarvar er noko av det ein får sjå nærmare på ved Newtonrommet i Florø. Foto: FloraFauna.

Newtonrommet opna for praktisk læring i havbruk

Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk er lidenskapeleg opptatt av rekruttering og kunnskapsformidlig innan havbruk og er mellom anna stolt sponsor av Newtonrommet i Florø. - Her kan ein lære om havbruk gjennom matematikk fysikk og kjemi i praksis. Det er ein fantastisk måte å lære på, seier ho.

Førre veke var det offisiell opning av Newton-rommet ved FloraFauna Byakvariet i Florø. Her skal heile åtte Newton-lærerar tilby læreplanbasert undervisning til skulane tilknytta Newton-rommet.

Det heile er komen på plass med solid støtte og innsats frå kommune, offshoreindustri og havbruksnæringa.

– Under opninga kunne ein sjå at elevar ved ein stasjon satt og forska på vindkraft. På ein annan stasjon såg dei nærmare på lakseyngel med mikroskop, og fekk innsikt i mellom anna korleis fisken pustar med gjellene, dei såg mat i plommesekken og korleis ein plomesekkyngel lev i både elv og i oppdrett, fortel Sveen til kyst.no.

– Det er i dag nær 30 slike rom i heile Noreg, og eg kjende lite til desse før me starta med dette prosjektet. Det unike med rommet i Florø er at ein har fokus på offshore energi og havbruk, som er viktige framtidsnæringar for kystkommunane i Sogn og Fjordane. Det er ei viktig oppgåve å vise fram dette, legg ho til.

Innsikt i ulike operasjonar

Ved Newtonsenteret kan ein bygge ulikt utstyr tfor å løyse oppgåver i havbruksnæringa. Foto: Flora Fauna.

I rommet kan ein ved ein anna av stasjonane ved bruk av teknolego, bygge utstyr som illustrerer maskinelle oppgåver på oppdrettsanlegg.

Eksempelvis vart det bygd ein truck som skulle mate fisken i anlegga, og bygga ei innretning for å unngå fiskerømming. Ungane var svært engasjerte og overbeviste om at dei hadde løysingane, seier Sveen.

Marø Havbruk var saman med E. Karstensen Fiskeoppdrett initiativtakarar for å samle midlar frå havbruksnæringa si side før Byakvariet vart etablert for sju år sidan. Etter dette har fleire aktørar frå næringa komen inn på sponsorsida, seinast for å få realisert læringsrommet.

– Å få på plass newtonrommet har vore ein long prosess med både finansiering, ombygging med meir. Alle har gjort ein solid innsats og resultatet vart fantastisk, slår ho fast.

Realfag og biologi

Monicha Landøy som er dagleg leiar ved Flora Fauna, har jobba der i over 20 år og fortel til kyst.no at samarbeidet mellom kommune og næring er særs spanande.

– Reafag og biologi har vore min lidenskap over mange år gjennom mellom Byakvariet. Newtonrommet endrar ikkje noko av det me allereie har her, men vert et supplement til det som var. Det er utrulig kjekt å ha det på plass, seier Landøy.

Sjølv er ho ansvarleg for undervising av dei yngste borna, og fortel ein har utvikla ulike læringsmodular for ulike aldersgrupper. I oktober skal dei eksempelvis kjøre ein modul kalla Salmo Salar.

– Me byrjar med fem-åringar og 5. til 7.- og 9.-klasse. På nyåret vert det og modular til dei yngre barnehageborna, legg ho til.

– Me skal ha undervisning her nærmast kvar einaste dag. Målet er å verte det beste newtonrommet i landet og få til full aktivitet.

Plommesekkyngel i mikroskop. Foto: FloraFauna.

Framover skal Svanøy Røykeri som og vert eigd av Marø Havbruk sponse senteret med fisk, slik at elevane får laga fiskeburgarar og mat med røykelaks. I akvariet kan ein og sjå både levande laks, leppefisk og rognkjeks frå Marø Havbruk og E.Karstensen Fiskeoppdrett.

– Det er alltid stor stas når elevane får fôre laksen. Den spruter vatn med sporen, og det syns barna er morosamt, legg ho til.

Eit Newton-rom er eit praktisk, spanande og teknologisk velutstyrt undervisningslokale, med fokus på naturfag, matematikk og teknologi.  Newton-romma i Noreg er eigd og driftast lokalt av kommunar, fylkeskommunar og næringsliv, så lokale bedrifter og sponsorar er viktige bidragsytarar til rommet. Framover vert konseptet og seld internasjonalt til land som Danmark, Skottland og USA.

Samatbeidspartnarar og sponsorar i rommet i Florø er:

  • Botnaneset Industriselskap
  • Karstensen Fiskeoppdrett AS
  • Marø Havbruk AS
  • Sulefisk AS
  • Steinvik Fiskefarm AS
  • Marine Harvest
  • Laksens dag
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Sparebanken Vest
  • Svanøy Havbruk AS
  • Flokenes Fiskefarm
  • Salmon Group
  • Sogn og Fjordane Energi
  • Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane

Les også: – Med etablering av Newton-rommet ønskjer vi å auke interessa for forsking og realfag

Publisert: 12.10.2017 , 10.00


Siste saker

X