Monica Mæland, Erna Solberg, Per Sandberg, Ingvil Smines Tybring-Gjedde. Foto: Vibeke Blich/Skipsrevyen.

Nytt blått senter til Tromsø

Statsbudsjettet legges frem. Regjeringa opprettar 1. januar 2018 eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål som skal ligge i FRAM-senteret i Tromsø.

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner i 2018 til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål. Senteret skal byggje på gjeldande kunnskap og forsking, samanstille og analysere denne, og formidle resultata til eit nasjonalt og internasjonalt publikum.

– Senteret skal involvere alle nasjonale fagmiljø som er opptekne av hav og arktiske spørsmål, og det vil få ei viktig rolle i å hjelpe oss med å ta vegval og leggje strategiar for å vidareutvikle den blå økonomien, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

– Vi opplever store endringar knytt til klima, miljø, demografi, økonomi og teknologi som påverkar grunnlaget for hausting og verdiskaping i nordområda og i Arktis. Det er behov for meir tverrfaglege analysar av korleis Noreg sine interesser og handlingsrom som hav- og kystnasjon blir påverka, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Det nye senteret skal organiserast under leiing av ei styringsgruppe som er sett saman av representantar frå UIT, Havforskingsinstituttet, Polarinstituttet, Akvaplan-Niva, Nofima og Innovasjon Noreg. Desse vil få i oppgåve å utarbeide arbeidsplan og modell for styring, leiing, organisering og drift av det nye senteret. Nofima skal vere sekretariat for det nye senteret.

Publisert: 12.10.2017 , 10.13


Siste saker

X