Laks som hopper merd anlegg fisk

Oppdrettarane i Solund vil løfte i lag

Etter initiativ frå Solund kommune og Solund Næringsutvikling heldt oppdrettarar og leverandørindustri samarbeidsmøte på Hardbakke måndag. Saman peika ein ut fleire satsingsområde for vidare arbeid, skriv Salmon Group.

– Havbruksnæringa er viktig for Solund, både i form av arbeidsplassane i oppdrettsverksemdene, men og i tilstøytande leverandørindustri, sa ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) ved opninga av møtet.

Ole Gunnar Krakhellen. ordfører solund
– Havbruksnæring er viktig for kommunen, sa ordfører Ole Gunnar Krakhellen. Foto: Solund kommune

Notleverandøren Selstad AS har servicestasjon i Solund, og servar oppdrettarar i heile regionen herifrå. Dette er viktig aktivitet i ein øykommune med store utfordringar både når det gjeld folketal og infrastruktur, skriv Salmon Group på sine nettsider.

Og infrastruktur som telefoni og breiband var mellom emna som blei diskuterte på møtet. I ei tid då stadig meir av drifta vert operert elektronisk, med både overvaking, fôring og rapportering via nettet, må desse tenestene vere stabile og fullgode. Det har dei ikkje vore i Solund til denne dagen.

Rekruttering var eit anna tema som engasjerte dei frammøtte. Sjølv om ein ofte snakkar om å skaffe meir arbeidsplassar i distrikta, merkar mange verksemder i Solund at det er vanskeleg å skaffe den kompetansen dei trenge. Arbeidsinnvandring har avhjelpt utfordringane, men språkproblem er ei barriere. Difor vart det ytra ynskje om både å styrke språkopplæringa og setje i verk tiltak for å rekruttere norsk ungdom. Fleire påpeikte at det er viktig å starte med eit arbeid retta mot kommunen sine eigne ungdomar, som i dag i stor grad utdannar seg vekk frå Solund.

Solund kommune stilte med ordførar, rådmann og sakshandsamar for plan og utvikling. Solund Næringsutvikling og Solund Næringssamskipnad stilte med sine leiarar. Frå næringa møtte representantar frå verksemdene Sulefisk, Marine Harvest, Lialaks, Selstad og Salmon Group. Ein avtalte å halde eit tilsvarande møte på nyåret, og før den tid vil ein setje i verk ei rekkje konkrete tiltak for å styrke næringa sin posisjon i kommunen.

Publisert: 22.10.2013 , 14.38


Siste saker

X