Østerbø Yanmar Notavasker. Foto: Østerbø Maskin.

Østerbø Yanmar notvaskar blir raskare

Østerbø Maskin AS har kontinuerleg oppdatert notvaskaren sidan den vart lansert. No opplyser dei at den kan levere 37 prosent raskare vaskefart, sjølv i nøter med ein del straum.

Østerbø Yanmar vaskaren er kontinuerleg oppdatert sidan den vart lansert og er både slitesterk, grundig og no endå raskare, skriv dei i ei pressemelding.

Kim-Andre Eide. Foto: Østerbø Maskin.

– Vi kan no levere 37 prosent raskare vaskefart sjølv i nøter med ein del straum, seier Kim André Eide hos Østerbø Maskin AS i meldinga. 

– Vi oppgir ikkje teoretiske fartstal eller tal som er basert på testar i perfekte, reine nøter. Dette meinar vi er misvisande for brukaren. Vi ynskjer å gje eit reelt bilete på kva vår vaskar kan levere og oppgir reelle fartstal som er basert på erfaringar ilag med eksisterande kundar. Dei låge tala våre på dieselforbruk er óg basert på faktisk forbruk over tid under variable forhold, seier Eide

Havbruk etterspør Østerbø Yanmar notvaskar

Eide fortel at Østerbø opplever at stadig fleire oppdrettarar får opp auga for den suverene vaskekvaliteten Østerbø Yanmar vaskaren gir. Og dermed etterspør denne teknologien hos serviceselskapa som utfører notvask.

Auka interesse i Nord-Noreg

Frå Rogaland i sør til Alta i nord og Skottland i vest er det no Østerbø Yanmar vaskarar i drift. Østerbø har spesielt merka auke i interessa frå Nord-Noreg i det siste. – Vi ser at det slitesterke utstyret som taklar røffe forhold passar godt inn i denne delen av landet. Det at den er enkel i bruk og faktisk vaskar nøtene heilt reine, gjer denne vaskaren til ein vinnar. Vi høyrer at der det er mykje blåskjel leverer vår vaskar der andre ikkje strekk til. Dette er det vi i Østerbø Maskin kallar ei litande løysing, avsluttar Eide.

Publisert: 24.10.2017 , 13.46


Siste saker

X