8. desember inviterte AKVAHUB interessenter med på fagtur til Ås med fokus på handtering av fiskeslam og mikro- og makroalgeproduksjon. På biletet ser ein representantar frå NMBU, NIBIO, Concrete Farm, Bulandet Miljøfisk, FjordAlg og AKVAHUB. Foto: AKVAHUB.

Vil fungere som FoU-avdeling for små selskap med store utviklingsmål

AKVAHUB AS er eit relativt nyoppstarta selskap, og har som formål å fungere som FoU-avdeling til små selskap med store utviklingsmål, som ynskjer å samarbeide om større utviklingsprosjekt.

Det opplyser dagleg leiar og prosjektleiar Asbjørn Dyrkorn Løland til kyst.no.

Ideen om AKVAHUB fortel prosjektleiaren kom til i Leirvik i Sogn i samband med eit møte i regi av Hyllestad Utviklingspark.

Daglig leder og prosjektleder Asbjørn Dyrkorn Løland. Foto: Privat.

– Våren 2016 vart det gjennomført ein forstudie finansiert av Innovasjon Norge, og AKVAHUB AS vart starta opp i november 2016. Vidare vart det utført eit forprosjekt vinteren/våren 2017 som resulterte i at ein fekk stadfesta både interessa og behovet for det AKVAHUB ynskjer å tilby, legg han til.

Selskapets mål om å skape vekst og verdiar i distrikta resulterte også i at Løland vart freista til å vende heimover mot Framtidsfylket og heimkommunen Hyllestad.

Les også: Går frå Pharmaq Analytiq til AKVAHUB

Ein nøkkelperson i utviklinga av selskapet er Hans Haddal (tidlegare senior juridisk rådgivar i Fiskeridirektoratet).

– Utan Hans sin frivillige innsats ville nok ikkje AKVAHUB ha eksistert slik det gjer i dag, påpeiker Dyrkorn Løland.

Søker støtte til 3-årig prosjekt

I dag har AKVAHUB hovudkontor i Leirvik i Sogn, samt eit kontor i Ocean Industry Accelerator (OIA) på Marineholmen i Bergen.

Selskapet har kontor både i Leirvik i Sogn og i Bergen. Illustrasjon: AKVAHUB.

Og det var AKVAHUB, saman med BTO i form av Hans Haddal og Anders Haugland (Managing Director, BTO) som tok initiativ til å etablere OIA. I dette landskapet, tett kopla mot BTO, Nyskapningsparken, NCE Seafood Innovation Cluster, Universitetet og ikkje minst alle havbruksaktørane i Bergen, vil AKVAHUB vere bindeleddet mellom FoU og praktisk utvikling hos samarbeidspartnarar i distrikta.

AKVAHUB er no i ein fase der dei søkjer støtte til eit treårig hovudprosjekt.

Fokusområdet fortel Løland er teknologiutvikling, biologisk drift og miljø rundt lukka anlegg, både på land og sjø der utvikling av Bulandet Miljøfisk er eit av dei interne prosjekta.

– Vidare var vi fredag 8. desember på fagtur til Ås og besøkte akvakulturmiljøet ved NMBU og NIBIO. I den anledning var det verdikjeda rundt fiskeslam og mikro- og makroalge som stod sentralt. Vi ynskjer å samle dagens kunnskap om dette og konkretisere eit utviklingsløp mot korleis Bulandet Miljøfisk saman med blant andre lokale Seaweed from Norway og andre interessentar kan skape ein lønsam verdikjede rundt fiskeslam og algedyrking, opplyser Løland.

Publisert: 18.12.2017 , 08.30


Siste saker

X