Skjermdump frå rekrutteringsvideo for havteknologi. Foto: Høgskulen på Vestlandet.

Startar havteknologi-studie i Florø

Høgskulen på Vestlandet (HVL) opnar ingeniørutdanning innan havteknologi ved avdelinga deira i Florø.

Frå før er studielinja etablert i Bergen og i Kristiansund.

Høgskulen dreg fram havteknologi som det nye store i Norge, både innan bølgjekraft, vindkraft, miljøovervåking, subsea og matproduksjon.

I utdanninsgløypa kan ein velge seg spesialisering i havbruksteknologi eller petroleumsretta undervassteknologi.

I havbruksteknologi skal ein ifølgje skule lære å forstå samspelet mellom organisme, miljø og teknologi i produksjonsprosessen, og begge utdanningsretningar har fokus på overvaking av miljøet, då høgskulen påpeikar all utvikling i havet må utførast på ein berekraftig og god måte.

– Nært samarbeid med næringa

Under utdanninga har skulen nært samarbeid med næringa, og det er moglegheit for utplassering i praksis, ekskursjonar og oppgåveskriving i ein verdsleiande industri.

Ein går gjennom tradisjonell klasseundervisning og praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium. Det er og lagt opp til ein praksisperiode i og laboratorium, som driftar og vedlikehald subseautstyr. Praksis i bedrift kan ein i tillegg ta som valfag. Sistnemde vil gje eit spesielt godt innblikk i næringa, og ei forståing for korleis teorien blir brukt i praksis.

Høgskulen skriv at for ein havteknolog er det arbeidsplassar over heile verda. Det siste semesteret kan og takast ved ein av deira samarbeidspartnarar i Brasil, Australia eller Skottland.

Ettersom linja no opnar i Florø har  skulen og laga ein rekrutteringsfilm. Sjå denne under.

Publisert: 14.02.2018 , 08.00


Siste saker

X