Ewos fôrbåt i Vågen foran selskapets hovedkontor i Bergen. Foto: kyst.no.

Tidlegare Ewos-direktør slepp unna korrupsjonstiltale

Fleire skal ha vore innblanda i korrupsjonssaka der ein eks-Ewos sjef er tiltalt for å ha motteke pengar og tenester for 2,7 millionar kroner. Deriblant ein tidlegare direktør i Ewos.

Førre veke vart det klart at Økokrim har tatt ut tiltale mot tre personar for korrupsjon. Den hovudtiltalte er ein eks-Ewos sjef som mellom anna skal ha motteke pengar og tenester frå dei to andre tiltalte.

Men eks-Ewos sjefen er ikkje den einaste Ewos-tilsette innblanda i saka. I tiltalebeslutninga kan ein nemleg sjå at ein av dei tiltalte som betalte den tidlegare Ewos-sjefen, også skal ha gitt utilbørlige tenester til ein anna Ewos- direktør. Den tidlegare direktøren skal mellom anna ha fått gratis båthotell, vedlikehald av båt, og tenester tilknytta salg og marknadsføring av båt til ein verdi av minst 80 000 kroner.

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik understrekar at det i saka berre er tre personar som er tiltalte for grov korrupsjon.

– Det har og vore andre personar involverte, men sakane rundt dei andre mistenkte har blitt henlagt grunna bevisets stilling eller andre forhold, seier Harbo-Lervik til Kyst.no.

– Fann betydelege kontantbeløp

Ho legg til at saka frå Økokrim si side no er avslutta.

– Sakskomplekset har vore etterforska sidan 2015. Det har vore ei brei etterforskning med fleire selskap og privatpersonar involvert, seier ho.

Bakgrunnen for dei nylege korrupsjonstiltalane frå Økokrim er eit sakskompleks der ein skipsmeglar i 2016 først tilstod korrupsjon, og i ettertid fekk ein rettskraftig dom for dette. Han skal då ha tilstått å ha betalt ex-Ewos sjefen over 600 000 kroner mellom anna for fordelar tilknytt kontrakter.​

Les ogsåFikk streng dom for korrupsjon

– Etterforskinga av sakskomplekset starta etter funn av betydelege kontantbeløp hos den tidlegare Ewos-ledaren, legg ho til.

Publisert: 12.01.2018 , 08.00


Siste saker

X