Villaks som hopper

Unyanserte påstandar om oppdrettslaks

Unyanserte påstandar om registreringar av mykje rømd oppdrettslaks har skapt eit feil bilete av tilhøva i Namsen. -Det er ikkje 20 prosent av laksen i elva som er oppdrettslaks, seier Frode Staldvik i KLV

Kari Johanna Tveit Ifylgje dagleg leiar Frode Staldvik ved Kunnskapssenteret for laks og vassmiljø (KLV) er det framsett påstandar om tilhøva i elva Namsen som ikkje stemmer.

I ein artikkel i nationen.no tidlegare i år vart det hevda at 20 prosent av laksen i elva var oppdretta. Men Staldvik meina dette er eit bilete som må nyanserast.

– Det er ingen som veit heilt sikkert kor mykje oppdrettslaks som finst i elva. I mesteparten av sportsfisakrsesongen vert det fanga lite oppdrettslaks, men andelen aukar utover i sesongen og under overvakingsfiske som skjer på hausten vert det fanga meir, seier Staldvik til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Han viser også til at ein finn mest oppdrettslaks langt oppe i elvan, medan det er lite lenger nede. Og i sideelvane vert det skjeldan registrert oppdrettslaks.

Oppdrettslaksen er meir bitevillig

Staldvik viser også til at oppdrettslaksen er meir bitevillig enn villaksen om hausten, og at dette kan ha innverknad på fordelinga i fangstane under overvakingsfisket.

Viser likevel ein trend

Men sjølv om Staldvik meina det ikkje er mogeleg å fastsette kor mykje oppdrettslaks det er i elva med utgangspunkt i overvakingsfiske, så er det likevel ein trend som kan vise utviklinga.

– Når fisket vert gjennomført likt frå år til år, så kan ein sei noko om endringar i nivået, seier Staldvik

Publisert: 15.05.2012 , 07.27

Mest lest


Siste saker

X