Hardanger Akvasenter har hatt opptil 200 besøkende på merdkanten daglig, sommeren 2017. Foto: Hardanger Akvasenter

Vil flytte Noregs eldste visningssenter

Hardanger Akvasenter har søkt om å få flytte visningssenteret sitt, og har laga ein film for å vise fram kor flott det og kan bli sjåande ut på ny lokalitet.

Hardanger Akvasenter har søkt om å få flytte visningssenteret frå den grunne lokaliteten ved Fyksesund Bro til lengre ut i fjorden. I den forbindelse har Nagelld laga ein film (dronefilming ved samarbeidspartner, Digital Creations), om jobben visningssenteret gjer i dag, og korleis anlegget  vil bli sjåande ut ved flytting.

Hardanger Akvasenter vart etablert i 2007 som Norges fyrste visningsanlegg for havbruk, og har i år ti års jubileum. I forbindelse med dette snakka kyst.no i august med Sebasian Ludvigsen som no er dagleg leiar ved senteret, om utviklinga som har vore i både besøkande og ved senteret gjennom åra.

Han fortalde at senteret i dag består av to delar. Eit visningssenter på Steinstø kai, og oppdrettsanlegget i Fyksesundet. I visningssenteret har dei mellom anna ei utstilling som beskriv laksen sitt livsløp frå avl til tallerken.

Les og: Her har tusenvis lært om havbruk over ti år

–  På visningsrommet har vi animasjoner og «live» kamera fra merden, slik at de besøkende får et godt innblikk. På stålanlegget i Fyksesundet har vi nå 25 000 fisk i hver merd, stålanlegg er noe som fungerer veldig greit når man har grupper på opptil 50 personer som vil se hvordan laksen har det, fortalde han.

Samsstundes påpeika Ludvigsen at det enkelte dagar i år har vore heile 200 besøkande dagleg på merdkandten, og at dei besøkande har stor interesse for kva som skjer i produksjonen.

– Folk er opptatt av hvor laksen kommer fra, hva vi fôrer med og hva som skjer gjennom produksjonen i sjø. Nå har vi ikke hatt noen problemer med lakselus på lokaliteten, men denne uken kommer det også rensefisk, sa han.

Sjå filmen frå Nagelld under:

  • Hardanger Akvasenter er eigd av og driftast i samarbeid med Lingalaks AS som står for matfiskproduksjonen på anlegget.
  •  I dag er  dei eitt av totalt 18 visningssentre langs Norskekysten.

Publisert: 11.10.2017 , 12.47


Siste saker

X