Ocean Quality blir Sjór
Eksportselskapet til Seashore-konsernet endrar namn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sjøen, eller Sjór på norrønt, har gjeve næring og matgleder til generasjonar. Moderne havbruksmetodar tek dette vidare, og sikrar oss tilgang til ferske delikatesser frå havet. Sjór skal tilby kundane sjømat i verdsklasse. Me kallar det «Finest Norwegian Seafood».
Bremnes Seashore er ein kvalitetspioner i oppdrettsnæringa, og har sett standarden for lakseprodukt hav høgast kvalitet. Som del av Seashore-konsernet, skal Sjór halde fram med å selje Bremnes Seashore sin kvalitetslaks til kundar i heile verda. Samstundes tilbyr selskapet nettverk og salskunnskap for andre norske oppdrettarar.
- Bremnes Seashore har bygd opp sterke merkevarer som SALMA og BÖMLO, som me veit kundane våre set stor pris på. Med Sjór legg me grunnlaget for å styrka kvalitetsprodukta våre i marknaden. Me skal vidareutvikla marknadsarbeidet saman med våre flinke tilsette i Sjór, som har bygd opp sterke kunderelasjonar gjennom ti år, seier konsernsjef Olav Svendsen.