Me styrkar satsinga - Inngår samarbeid med Stord24
Frå og med 1. mars har Kyst.no, saman med resten av mediekanalene i Oceanspace Media, inngått eit redaksjonelt samarbeid med nettavisa Stord24.
Stord24 er ei fri og uavhengig nettavis som dekkjer stort og smått i byen Stord og elles i Sunnhordland.
Som følgje av samarbeidet med Stord24 vil Kyst.no, Skipsrevyen og Kystmagasinet få ein enda breiere dekning i Sunnhordland i tett samarbeid med redaksjonen i Stord24. Det vil føregå som eit stoffutvekslingssamarbeid, der redaksjonane deler på stoff som er aktuelt på tvers av avisene.
Dagleg leiar og utgjevar i Oceanspace Media, Gustav-Erik Blaalid seier at samarbeidet med Stord24 opnar for betre redaksjonell dekning av eit geografisk område som er eit av dei viktigaste kraftsentra langs norskekysten.
- Samarbeidet med Stord24 i Sunnhordland-regionen, med Stord og Bømlo som tyngdepunkt, vil gjere våre landsdekkande fagmedier endå betre på å dekke dei marine og maritime næringane i denne regionen. Oceanspace Media tek med dette eit nytt steg i retning av å bli eit leiande medie for den marine og maritime klyngen i Noreg, seier Blaalid.
Ein vinn-vinn situasjon
Jonas Sætre, ansvarleg redaktør i Stord24 seier dette er ei veldig spennande satsing for Stord24.
- Me har heilt frå starten hatt eit mål om å ha den beste næringslivsdekninga blant mediehusa i regionen. Dette samarbeidet vil føra til ein betydeleg styrking av denne satsinga, spesielt inn mot havnæringane, som er ei svært viktig næring i Sunnhordland, seier han.
Sætre skildrar samarbeidet som ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon for begge aktørane, og ikkje minst for næringslivet.
- Det vil gjera at Stord24 får dra nytte av den sterke fagkunnskapen i dei aktuelle redaksjonane, som kjenner dei ulike bransjane godt. Samtidig vil bransjeavisane få eit etterlengta lokalt nærver i Sunnhordland som vil bidra til å synleggjera det rike næringslivet til eit større publikum. Dette er noko som kjem alle til gode.
Vil dekke næringslivet enda tettere
Anja Montsko Austlid skal som journalist jobbe på tvers av dei ulike nettavisene, noko ho allereie har starta med.
- Eg er veldig glad for å å bli ein del av Oceanspace Media sine medier med dagleg virke i redaksjonen til Kyst.no. Innan gruppa er det veletablerte redaksjonar med mykje bransjekunnskap som eg ser frem til å samarbeide med.
Montsko Austlid seier ho gledar seg til å kunne dekke næringslivet i Sunnhordlandsregionen enda tettare enn det dei har gjort fram til no.
- Det er utruleg mykje spennande som skjer i næringslivet i Sunnhordland, spesielt innan maritim sektor. Eg ser fram til å få lov til å dele dette med både Stord24, Kyst.no, Skipsrevyen og Kystmagasinet sine lesarar, og håper at dette samarbeidet kan bidra til å sette Sunnhordland på kartet, fortel ho avslutningsvis.