Oppdrettsfisk og garn som vart inndrege i Kvam. Foto: Statens naturoppsyn.

Naturoppsynet fann mange ulovlege garn

Statens naturoppsyn gjennomførte laksetilsyn, med 2 oppsynsbåtar, fredag kveld - natt til laurdag 28.5.2016. Tilsynet vart gjort rundt Tysnes og i Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune, Jondal kommune og Kvam herad. Totalt vart 8 ulovlig satte garn drege inn. 2 stk i Kvam, 1 stk i Jondal, 1 stk i Kvinnherad og 4 stk ved Tysnes.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det største garnet som vart drege inn var ca 130 m langt, og hadde 20 oppdrettslaks på 3-5 kg. Dette stod på flyt og sperra ei vik i Kvam herad. All denne laksen vart destruert etter veging, opplyser Statens naturoppsyn i ei pressemelding.

Les også: Tenar fett på røymd laks

Oppdrettsfisk og garn som vart inndrege i Kvam. Foto: Statens naturoppsyn.

- Ingen av dei garna som vart drege inn var merka med navn og adresse, slik at det er ikkje oppretta politisaker for ulovlig fiske enno. Dei vert å regne som administrativt inndrege, og vil bli destruerte etter 3 månader om ikkje me får tak i eigarane, seier Olaf Bratland, seniorrådgjevar, Tilsyn – innland, Statens naturoppsyn.

Les også: Lakserømming fører til millionutgifter for oppdretter

Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling

Det er tydeleg for Statens naturoppsyn at det er mange som har fått med seg rømminga frå oppdrettsanlegget til Lingalaks.

- Det er mange som vil hjelpe til med oppfisking av denne laksen, noko som sjølvsagt er bra. Men oppsynet vil minne om at der ikkje er gjeve dispensasjon frå regelverket som gjeld fiske i sjøen med garn, samt fiske med stong i fredningssonar, og at folk som vil delta i fiske etter oppdrettsfisk må følgje dei vanlege reglane for fiske som gjeld for årstida på den staden dei fiskar, seier Bratland.

Les også: – Lingalaks tar rømmingen på alvor

- I tillegg til desse garna vart fleire fiskarar med stong i fredningssonane i Kvinnherad, informerte om fiskereglane for stong der, legg han til.

Fiskereglar er å finne på Fylkesmannen i Hordaland sine internettsider.