Steinvik Fiskefarm arrangerer Åpen dag. Foto: Anne Karin Vassbotten.

Gjentok rekord frå 2014

Steinvik Fiskefarm hadde i helga open dag, og gjentok rekorden frå 2014 med øve 650 besøkande.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- VI GJORDE DET IGJEN, skriv Steinvik Fiskefarm på Facebook sida si.

30-års jubilanten Steinvik Fiskefarm i Steinvik-konsernet har over 1000 besøkande kvart år på sin visningskonsesjon. Anne Karin Vassbotten sa i førre veke til kyst.no at dei ser fleire fordelar med å ha eit slikt tilbod. Les meir om det her: Ser fleire fordelar med å ha visningskonsesjonar

Steinvik Fiskefarm slaktar eigen fisk og selg til inntekt for det lokale grendalaget. Foto: Anne Karin Vassbotten.

Selskapet hadde nær 650 besøkande på Open Dag på Visningssenteret laurdag 21 mai, og gjentok rekorden frå 2014.

- Vergudane har vore med oss på alle tidlegare opne dagar, og det var dei utruleg nok i år også. No hadde vi gardert oss med telt og varmelamper, men kunne kosa oss ute i det stille, fine veret, skriv Anne Karin Vassbotten. 

Ho skriv at nok ein fantastisk Open Dag er vel overstått.

- Folk kom sigande jamt og trutt, kosa seg med god mat, kjekke aktivitetar og sosialt samver. Nok ein gong tusen takk til alle dei gode medhjelparane våre som gjer til at dagen går knirkefritt på alle stasjonar. Og takk til alle som tok turen til Steinvika på laurdag, opplysar ho.

Steinvik Fiskefarm arrangerte open dag 21 mai og fekk heile 650 besøkande. Foto: Anne Karin Vassbotten.