Osland feirar jubilantar
Torsdag var Osland-konsernet i Bergen for å feira jubilantane sine, der særleg to flinke herremenn i Osland Settefisk vart heidra for sin gode jobb over mange år.
Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure, og driv utelukkande med oppdrett av denne arten. Osland-konsernet består av Osland Havbruk, Osland Genetics og Osland Settefisk.
Administrerande direktør Erik Osland fortel til Kyst.no då me møter han i Bergen, at han er stolt over at selskapet har så mange jubilantar som jobba lenge i bransjen og i oppdrettsselskapet.
- Me har mange som har fått gullklokke når dei har jobba hjå oss i 25 år. Når dei har jobba i 30 år deler vi også ut Noregs Vel medalje for lang og tro teneste. Så derfor er me her i Bergen på «Hotel Rozenkrantz» i dag og feirar to av våre eigne som er Bjarne Sjøthun og Kjetil Rørtveit, som begge har jobba mange år i Osland Settefisk og skal få Noregs Vel medalje.
Rørtveit og Sjøthun fortel til Kyst.no at dei er stolte og glade for å få medaljen for arbeidet dei har gjort over mange år i bedrifta.
- Det er ikkje alle som får ei slik medalje, og det er me sjølvsagt stolte over, fortel dei to.
I tillegg til Rørtveit og Sjøthun, har Osland også med seg det han kallar «eliten» til Bergen, og planen er Heine Totland-show og god middag på Bryggeloftet.
- Totalt er me tolv tilsette som skal feire denne kvelden, og det er dei som enten har fått 25 eller 30 års merksemd, seier sjefen sjølv.
Osland fortel at Bjarne og Kjetil har hatt fleire arbeidsgivarar gjennom alle desse åra, men har jobba på same settefiskanlegg.
- Settefiskselskapet vårt driftar to anlegg, eitt på Sørebø i Høyanger kommune og eitt på Sygna i Leikanger i Sogndal kommune. Bjarne Sjøthun jobbar på Sygna/Leikanger og Kjetil Rørtveit på Sørebø i Bjordal.
Saka fortset under biletet.
Første RAS-anlegg til Osland
Kjetil Rørtveit (53) er dagleg leiar i Osland Settefisk og vaks opp på Osland. Han fortel han faktisk var nabo med Erik Osland og fiskeoppdrettet i barndommen.
- Eg vart tidleg interessert i produksjon av aure og laks og fekk sommarjobb som 13-åring. Eg tok studiespesialiserande realfag i Høyanger og vart deretter høgskulekandidat i akvakultur (bachelor) på SFDH i Sogndal i 1992. Eg var også eit år i forsvaret, før eg fekk fast jobb på settefiskanlegget på Sørebø som tidlegare heit Sogn Marine Farm i juni 1993, og her har eg meir eller mindre vore sidan.
Rørtveit starta som røkter og fekk etter kvart utvida ansvar og oppgåver.
- Eg starta som driftsleiar frå ca. 2001 og vart dagleg leiar av Osland Settefisk frå 2020.
Rørtveit har jobba på settefiskanlegget Sørebø sidan 1993, og i Osland-konsernet sidan 2011. Hans beste minne i denne tida har blant anna vore å få lov å byggje den fyrste produksjonshallen deira (Sørebøhallen) med RAS-anlegg som dei opna i mai 2016.
- Då var eg stolt, fortel han.
- Vil skape aktivitet i bygda
Rørtveit er oppteken av å få til ein stabil og god produksjon av settefisk til interne og eksterne kundar.
- Ikkje minst er det viktig for meg å utvikle medarbeidarar til å drifte anlegga våre optimalt og følgje med i utvikling av nytt utstyr som kan brukast i prosessane våre. Eg brenn for å skape aktivitet og utvikle anlegga våre slik at bygda vår blir ein god plass å jobbe og bu i, fortel han.
Ambisjonen hans er å fortsette og utvikle anlegget på Sørebø til å bli eit flaggskip i produksjon av settefisk av regnbogeaure, og dessutan å vere med og utvikle Osland som ein føretrekt aureleverandør.
- Eg trivest godt i Osland-systemet, her er utviklingsmuligheiter og relativt små forhold. Vi er i utvikling, og møter sjølvsagt utfordringar som må løysast. Eg opplever eit godt samhald og mange unge engasjerte medarbeidarar.
- Ei minneverdig oppleving
Bjarne Asperanden Sjøthun (51) frå Leikanger i Sogn er teknisk ansvarleg i Osland konsernet, og vil i mai ha jobba for Osland i 31 år.
Han fortel at hans beste minne frå jobben er blant anna den gongen dei starta bygging av klekkeri og startfôring etter Osland kjøpte selskapet opp i juni 2018.
- Det var kjekt å vera med på. Samtidig som eg hugsar godt måten me takla stormen «Dagmar» på utan straum i fleire dagar med kommuneadministrasjon og krisestab lokalisert i våre kontor. Det var ei minneverdig oppleving, seier han med eit smil.
Jobben hans som teknologiansvarleg fortel han handlar mykje om å passa på at utstyr og maskiner verkar og vert halde ved like.
- Eg tykkjer da er veldig flott at Erik oppfordrar oss til å kjøpe det vi kan lokalt og bruke lokale leverandørar, seier han.
Sjøthun er oppteken av opplæring av lærlingar og god fiskevelferd i jobben, og brenn for å gjere dette best mogleg i jobben hans saman med gode kollegaer.
- Eg trivst godt slik eg har det no i jobben min, der det er mykje ulike utfordringar og stadig utvikling i bransjen og i selskapet. Å jobba i Osland er ein trygg og god arbeidsplass med mange flinke og kjekke kollegaer og eigarar, avsluttar han.