Internasjonal rekruttering på merdkanten
Ungdomsskule-elevar og lærarar frå fire utanlandske skular, samt Leikanger ungdomsskule besøkte Osland Havbruk for å få eit innblikk i framtidas arbeidsplassar i kommunen. Ifølgje rektor gav innsikta i næringa stort utbytte for både vaksne og unge lovande.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Besøket gjekk føre seg grunna Leikanger ungdomskule, denne veka har besøk frå elevar og lærarar frå både Spania, Tyskland, Nederland og Bulgaria, i samband med EU- prosjektet Erasmus+.
- Det er heilt utrulig å kome så tett på teknologien og kva som skjer i produksjonen i denne moderne næringa, seier Ingunn-Marie Myren, rektor ved Leikanger Ungdomsskule.
- Me har hatt fleire EU-prosjekt tidlegare og kjende på førehand til fleire av skulane, men denne gongen var det stor respons og besøket hamna på 22 elevar og 12 lærarar frå utlandet i tillegg til sju elevar og to lærarar frå Leikanger, fortel ho.
Sjølvsagt å visa fram næringa
Erasmus+-prosjektet dreier seg i hovedsak om entreprenørskap og arbeids-moglegheiter i Europa.
- Og då me skulle visa fram arbeidsplassar i Leikanger var det sjølvsagt at me måtte besøkje havbruksnæringa, fortel rektoren.
Møtet med næringa starta fyrst hos Marine Harvest-lokaliteten Sygna/Hermannsverk der ungdommen fekk sjå settefisk-produksjonen deira. Etter dette vart det båttur og anleggsbesøk hjå Osland.
Rektoren fortel at ungdomen på førehand hadde ulik grad av interesse for næringa, og at det heile enda vellukka for alle mann.
- Alle tykte næringsinnsikta var spanande. Eg kontakta fyrst Marine Harvest og dei sat oss vidare i kontakt med Osland Havbruk som tilbydde både båttur og omvising. Det var veldig kjekt at me fekk moglegheit til dette, konkluderar rektoren.
- Besøket er så givande at eg ynskjer at me kunne fått det inn i læreplanen til skulen, legg Myren til.
Ynskjer meir besøk
Geir Helge Østerbø kommunikasjons-ansvarleg i Osland Havbruk, fortel at ungdommen har fått sett mellom anna sjølokaliteten Mjølsvik, der det no søm ny utsett smolt.
- Dei har og fått sjå «Osland Brygge» og sentralfôrings-systemet vårt, i tillegg til at dei har fått innblikk i Osland-historie og havbruks-historie, seier han.