Ny dagleg leiar i Osland Settefisk
Osland Havbruk er i vekst og utvikling, med stadig fleire tilsette, aktive dotterselskap som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Osland Settefisk har hatt god utvikling og tel no 15 tilsette og Kjetil Rørtveit tek over som dagleg leiar frå 1. august
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kjetil Johan Rørtveit vaks opp på Osland, med fiskeoppdrett som næraste nabo. Som dei fleste andre i bygda hadde Kjetil og sommarjobb på fiskeanlegget. Etter vidaregåande i Høyanger var interessa for fiskeoppdrett framleis stor, og han gjekk vidare på distriktshøgskulen i Sogndal, der dei den gong hadde akvakulturutdanning, skriv selskapet i ei pressemelding.
I 1993 vart Kjetil tilsett på settefiskanlegget på Sørebø, som den gong heitte Sogn Marine Farm. Her tok han fagbrev i akvakultur og vart etter kvart driftsleiar for anlegget i 2000 når Marine Harvest, no Mowi, overtok anlegget. Settefiskanlegget på Sørebø har hatt vekst og utvikling heilt i frå starten av 1991 og fram til 2011 då det vart ein del av Osland systemet.
Moderne løysningar
Då Osland tok over i 2011 vart det eit taktskifte og utviklinga skaut fart. Gjennomstrøymingsanlegget vart oppgradert med større kar og moderne løysingar på fôring, vassbehandling, vaksinering- og sorteringsutstyr.
- RAS-teknologien inntek settefisknæringa i landet og Kjetil ivra for å få bygt eit toppmoderane RAS-anlegg på Sørebø. Med Osland sin innovasjonsvilje let dette seg realisere, og 1. juni 2016 opna vi Sørebøhallen, eitt av dei mest moderane settefiskanlegga i landet.
Sørebøhallen innfridde og ein gjekk raskt i gong med å planlegge ein ny RAS-hall. Den nye hallen, Kloven, var klar til oppstart våren 2020. I tillegg til anlegget på Sørebø består Osland Settefisk av endå eit settefiskanlegg, Sygna, lokalisert på Leikanger.
God kjennskap
Som resten av næringa er settefisk blitt ein viktigare del av verdikjeda. Produksjon av stadig større smolt er både volum- og resurskrevjande, som betyr meir personell som treng god leiing.
- Erik Osland har vore dagleg leiar for Osland Settefisk frå 2011 og framtil no, men overlet no den dagleg leiinga av Osland Settefisk til Kjetil. Dette gjer han slik at han sjølv kan få meir tid til å utvikle resten av Osland systemet. Erik og Kjetil er barndomsvener, oppvaksne i lag, samarbeider godt og vil begge bidra til å utvikle og sikre Osland systemet med fleire trygge og gode arbeidsplassar i framtida.