Øyvind Lie blir ny havbruksdirektør
Øyvind Lie er ansatt som ny direktør for kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet skriv at Lie (60) er i dag forskningsdirektør ved Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforskning – Nifes, der han også var direktør fram til 2016. Han begynte som forskar på dåverande Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt og var direktør der då instituttet i 2004 vart skilt ut frå direktoratet og etablert som sjølvstendig forskningsinstitusjon.
- Øyvind Lie er ein svært erfaren leiar og som kjenner havbrukssektoren og offentleg sektor godt frå si tid som direktør og forskar på Nifes. Vi er svært glade for å få ein så solid og kunnskapsrik leiar med oss på laget, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Lie tar til i stillinga som direktør ved kyst- og havbruksavdelinga første juli.
- Eg ser fram til å begynne i ein ny spennande jobb og ta fatt på nye oppgåver i Fiskeridirektoratet, seier Lie.