Statsbudsjettet 2018: - Legg til rette for meir innovasjon og utvikling i næringslivet
Meir pengar for samlokalisering av dei marine klyngene i Bergen, meir til forskning, katapultsenter og ny ordning for skipsfinansiering er overskriftene som rører ved havbruksnæringa under framlegginga av det nye statsbudsjettet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Regjeringa skriv sjølv dei vil styrkje Noreg sin profil som ein leiande havnasjon, under framlegging av statsbudsjettet for 2018.
- I åra som kjem skal Noreg utvikle ein ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyve pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Vi har lagt frem ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer vi opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).
I budsjettet fremmar regjeringa fleire forslag som følgjer opp havstrategien som blei lagd i vår.
Hovudtiltaka listar dei slik:
- Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar med 14 millionar kroner.
- Ressursforsking og -overvaking er foreslått styrkja med 11 millionar kroner gjennom ein auke i inntektene frå fiskeriforskingsavgifta.
- Regjeringa foreslår å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019. Målet med toktet er å få betre kunnskapar om krillbestanden for å kunne utnytte næringspotensialet for hausting av krill betre.
- Regjeringa vil samle dei marine miljøa Havforskningsinstituttet, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning og Fiskeridirektoratet i Bergen for å realisere næringspotensialet i havet og langs kysten, og foreslår å løyve 10 millionar kroner til vidare utgreiing av ei samlokalisering.
- Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø.
- Sidan regjeringa tiltredde i 2013 har løyvingane til marin forsking auka med over 370 millionar kroner. Den satsinga vil vi halde fram med. Gjennom statsbudsjettet for neste år vil vi også auke løyvinga til Innovasjon Norge for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Regjeringa foreslår og auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon, samt ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg. Denne satsinga skal bidra til å redusere kostnadar og risiko for testing og demonstrasjon av ny teknologi og nye løysingar.
I forbindelse med innføring av trafikklyssystemet og regionsinndelinga kjem det og fram av dei vurderer tiltak for å effektivisere saksbehandlingen av akvakultursøknader.
Fleire arbeidsplassar
9,2 milliardar til forsking og innovasjon, nye "sløydsalar" for næringslivet og meir til havforsking er nokon av tiltaka dei dreg fram som skal sikre og skape fleire arbeidsplassar.
- Norsk økonomi står ovanfor omfattande endringar. I alle budsjetta har regjeringa derfor prioritert omstilling. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Derfor held vi fram med satsinga til neste år, seier næringsminister Monica Mæland (H).
I 2018 vil regjeringa bruke over ni milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon, inkludert berekna skattefrådrag frå Skattefunnordninga og Kapitalfunn. Det er ein auke på om lag 4,3 milliardar kroner frå 2013. Over ein milliard kroner er ei styrking av program og ordningar i Noregs Forskingsråd, Siva og Innovasjon Noreg.
Katapultsenter
Regjeringa foreslår i 2018 å løyve 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet, såkalla katapultsenter der bedrifter og forskingsmiljø teste ut sine idear og løysingar.
- Betre høve for testing kan hjelpe fram nye industrielle suksessar og gi fleire bein å stå på for norsk økonomi, seier Mæland.
Sentera vil vere ein slags "sløydsal for næringslivet", og er eitt av fleire tiltak for at Noreg skal være ein leiande industri- og teknologinasjon.
- Den teknologiske utviklinga skjer i ein rasande fart. Vi foreslår derfor 30 millionar kroner til teknologiar som nanoteknologi, bioteknologi og IKT. Dei kan vise seg å bli så banebrytande at dei fører til store endringar i samfunnet, seier Mæland.
Ny ordning for skipsfinansiering
Regjeringa foreslår og ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg, og foreslår ei garantiramme på 10 milliardar kroner.
Ordninga vil omfatte finansiering av til dømes fiskebåtar og brønnbåtar, og finansieringa vil bli gitt på marknadsvilkår.
- På denne måten bidrar vi til å skape auka aktivitet i verfta og til at kompetansen blir i Noreg, seier næringsminister Monica Mæland (H).
- Ordninga vil kunne ha mykje å seie for aktørane i fiskerinæringa, og eg ser fram til å følgje med på dette vidare, seier Per Sandberg (Frp).
Ordninga skal forvaltast av GIEK og Eksportkreditt Norge og vil vere ei mellombels treårig ordning. Ordninga vil bli evaluert. Det vil vere ein føresetnad at GIEK gir långivargarantiar på like vilkår med bankane, og at Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår. Ordninga skal etter planen vere operativ første halvår 2018.
- Skattefunn – Gjer skattefrådrag til bedrifter som driv med forsking og utvikling.
- Kapitalfunn – Ei ny skatteinsentivordning for investeringar i oppstartsselskap. Ordninga gjer personlege skatteytarar frådrag for investeringar på opptil 500 000 kroner i kvalifiserte aksjeselskap.
- Katapult – Bedrifter over heile landet kan teste ny teknologi og nye løysingar i desse sentera, som vil vere ein slags "sløydsal for næringslivet". Dei skal kople forsking og marknad, og bidra til auka innovasjon og raskare industriell vekst.
Meir om statsbudsjettet kan du lese her