Aukar tempoet i grøne industriinvesteringar
For første gang på ti år får Siva større musklar til å investere i grøne industrieigendomar. Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2023 framlegg om å løyve 100 millionar kroner til å styrke Siva sin eigedomsverksemd med ny investeringskapital.
– Siva skal ha ei sentral rolle i det grøne industriløftet frå regjeringa. Dei er eit viktig verktøy for å utløyse meir privat kapital og senke barrierane for etablering av grøn industri i Noreg. Derfor vil vi bidra med 100 millionar kroner i frisk eigenkapital for at Siva kan prioritere grøne industri- og eigedomsprosjekt, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Eigedomsverksemd i Siva har i lang tid bidratt til industriutvikling i Noreg. No vil regjeringa bidra til at investeringane skal bli grønare gjennom at Siva blir styrka med 100 millionar kroner i eigenkapital, der grøne industri- og eigedomsprosjekt skal prioriterast.
Av midlane vert 35 millionar kroner tilført som risikokapital og 65 millionar kroner som eigenkapital. Siva sin eigedomsverksemd skal bidra til innovasjon og næringsutvikling, samtidig som selskapet er kommersielt innretta og har krav til avkastning. Siva sine investeringar skal alltid utløyse privat kapital.
5 millionar kroner ekstra til kartlegging
Det tar tid og er krevjande å finne, regulere og klargjere nye industritomter. Derfor gjer regjeringa i tillegg framlegg om å auke løyvinga med ytterlegare 5 millionar kroner til kartlegging av nye industritomter.
– Dette styrker det vitale miljøet vi har i Trondheim for oppbygging av ny industriell infrastruktur, og det tar hand om Siva si oppgåve med å legge til rette for nye, grøne industritomter. Det er ein utruleg viktig del av arbeidet for å få fortgang på store grøne industriprosjekt, slik at vi sikrar verdiskaping og velferd for framtida, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Testfasilitetar for næringslivet
Siva tilføres òg 188 millionar kroner til å vidareutvikle ordninga med testfasilitetar for næringslivet (Katapultordninga), som fleire bedrifter og FoU-miljø kan gjere bruk av på deling. 40 millionar kroner av desse midlane skal gå til ordninga med testfasilitetar i distrikta, som vart oppretta i 2022. Det er til no oppretta fem nasjonale katapultsenter på område av stor verdi for utvikling av industrien i Noreg.