Statsbudsjettet 2023: No skal heile Noreg eksportere meir
I den situasjonen Noreg og verden står overfor nå, er det viktig at vi opprettheld konkurransekrafta i norsk eksportretta næring. Derfor gjer regjeringa framlegg om 10 millionar kroner ekstra til Heile Noreg eksporterer og arbeide med strategisk eksportfremje.
– Vi har eit ambisiøst mål om å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Derfor er det viktig å styrke norsk eksport og følgje opp reforma Heile Noreg eksporterer. Det gjer vi med å auke budsjettet med 10 millionar kroner, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Regjeringa lanserte i mars 2022 eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Reforma er eit krafttak der det offentlege, næringslivet og verkemiddelapparatet saman arbeider for å gjere offensive eksportframstøyt i utlandet, samtidig som ein koplar arbeidet med eksportfremje tett opp til arbeidet med grønt industriløft.
Tettare samarbeid med næringslivet
Heile Noreg eksporterer inneheld ei rekke eksportfremjande tiltak, mellom anna etablering av eit Nasjonalt eksportråd som skal gi råd og innspel til næringsministeren og utforme forslag til større strategiske eksportfremjesatsingar. Totalt setter regjeringa av om lag 420 millionar kroner til eksport og internasjonalisering.
– Med Nasjonalt eksportråd sikrar vi at næringslivet bidrar til at styresmaktene har eit best mogleg grunnlag for å ta avgjerder om eksportsatsingar. Det er svært viktig at næringslivet deltar aktivt i styringa av dei ulike satsingane, der bedrifter med størst medfinansiering og partane i arbeidslivet deltar, seier Vestre.
Det er vedtatt at dei to første strategiske satsingane på eksportfremje blir havvind og meir og grønare maritim eksport. Nasjonalt eksportråd arbeider med å ferdigstille råda sine om korleis desse satsingane skal gjennomførast.
Styrking av det eksportretta verkemiddelapparatet
Heile Noreg eksporterer inneheld òg tiltak innan Innovasjon Noreg (IN) og Eksportfinansiering Noreg (Eksfin).Totalt gjer regjeringa framlegg om å løyve 357,5 millionar kroner til Innovasjon Noreg sitt arbeid med eksport og internasjonalisering.
I tillegg fekk Innovasjon Noreg i mars eit oppdrag om å etablere eit nytt nasjonalt merkevareprogram – «Made in Norway».
– Gjennom utvikling av eit nasjonalt kompetanseprogram og meir effektive verktøy vil næringar, klynger og bedrifter setjast i stand til å ta internasjonale posisjoner med den styrken Noreg som merkevare representerer. «Made in Norway» skal bidra til å auke betalingsviljen for norske varer og tenester i utlandet, seier Vestre.
Regjeringa har òg gitt Innovasjon Noreg i oppdrag å etablere ein søknadsbasert ordning der bedrifter kan søke om støtte til å delta på messer og felles næringsfremmeaktiviteter.
Eksfin fekk óg i mars et breiare mandat som inneber at dei kan gi lån til eksportretta investeringar og finansiere klimaprosjekt med eksportpotensial i Noreg. Det blir mellom anna opna for finansiering av botnfast vindkraftprosjekt til havs, på lik linje med flytande vindkraftprosjekt.
– Desse tiltaka gjer at Eksfin sitt tilbod blir meir relevant for eksportretta bedrifter som investerer i Noreg. Tiltaka sikrar òg at Eksfin får eit grønare mandat ved å kunne tilby finansiering til klimavennlege investeringar med et framtidig eksportpotensial, seier næringsministeren.
Midlar til eksportfremmearbeidet
- Regjeringa styrkar arbeidet i Innovasjon Noreg knytt til oppfølginga av Heile Noreg eksporterer med 10 millionar kroner. Midlane skal finansiere Innovasjon Noregs arbeid med strategiske eksportfremjesatsingar foreslått av Nasjonalt eksportråd.
- Totalt gjer regjeringa framlegg om å løyve 357,5 millionar kroner til Innovasjon Noreg for å arbeide med eksport og internasjonalisering av norsk næringsliv over denne budsjettposten. Midlane finansierar Innovasjon Norges utekontor, samt rådgjevings- og kompetansetenester. Videre dekker midlane den nye søknadsbaserte ordninga for messer og eksportaktiviteter og merkevareprogrammet «Made in Norway» som ble lansert i samband med eksportreforma «Heile Noreg eksporterer».
- Regjeringa løyver vidare 46,7 millionar kroner til arbeidet med strategiske eksportfremjesatsingar. Midlane skal nyttast til å finansiere de strategiske eksportfremjesatsingane som er foreslått av Nasjonalt eksportråd.
- Regjeringa løyvar videre 15,2 millionar kroner til næringslivsaktiviteter ved utanriksstasjonane og til å dekke kostnader knytt til arbeidet til Nasjonalt eksportråd og sekretariatet i Nasjonalt eksportråd.
Kva er eksportreforma Heile Noreg eksporterer
- I Hurdalsplattforma er det fastsett eit mål om å auka eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Som en oppfølging av dette lanserte regjeringa 10. mars 2022 eksportreforma Heile Noreg eksporterer. Gjennom Heile Noreg eksporterer vil myndigheitene, næringslivet og verkemiddelapparatet samarbeida om å nå eksportmålet gjennom ei styrking og effektivisering av arbeidet med eksport og arbeide for å skape ein felles eksportkultur der alle bidrar aktivt til å nå eksportmålet.
- Som ein del av eksportreforma har regjeringa etablert en ny modell for arbeidet med større strategiske eksportfremjesatsingar. Ansvaret for å analysera, prioritera og vedta strategiske eksportfremjesatsingar blir flytta frå Eksportstrategirådet til Nærings- og fiskeridepartementet. Det vil bidra til at eksportfremmearbeidet sjåast i samanheng med annan næringspolitikk, som Grønt industriløft, arbeidet med å forenkla verkemiddelapparatet og etableringa av industripartnerskapsavtalar med viktige samarbeidsland.
- Næringslivet har i lengre tid bedt om å bli kopla tettare på det offentlege eksportfremmearbeidet. For å sørga for medverknad og medfinansiering frå næringslivet er det oppretta eit Nasjonalt eksportråd beståande av representantar for næringslivet og partane i arbeidslivet, som både skal gi innspel til større eksportfremjesatsingar og gi regjeringa råd om strategisk innretning på eksportarbeidet.