Frå raudt til grønt tarfikklys for oppdrett
Havbruk er ei viktig næring i Vestland med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar i kystsamfunna.
Etter initiativ frå Sigrid Brattabø Handegard (Sp) og Trude Brosvik (KrF) har samarbeidspartia (Sp, Ap, KrF, V, SV og MdG) løyvd 5 millionar ekstra til forsking for å sjå kva ein saman med næringa kan gjere for at Vestland skal kome frå raud til grøn sone i trafikklyssystemet.
Trafikklyssystemet regulerar mogelehiter for vekst. Vestland er i raud sone som gjer at oppdrettsnæringa får nedtrekk i produksjonsvolumet på 6% annakvart år. Eit slikt nedtrekk tar ikkje ned næringa nasjonalt, men flyttar arbeidsplassar og næring frå vårt område til andre.
Vestland får relativt store midlar frå havbruksfondet, og fleirtalspartia meinar det er derfor rett å bruke deler av midlane til å vidareutvikle næringa. Eit kunnskapsbasert grunnlag på situasjonen for villaks og sjøaure, og tiltak i næringa, er viktig for oss å bidra til ,seier fylkestingsrepresentantane Brosvik og Handegard.
Næringa er biologisk og sjølve også avhengige av at drifta tilfredsstiller miljøkrav, tar hand om luseproblematikken og styrker omdømet.Midlane skal brukast i samråd med næringa.