
Ny i Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett
Fra 1. juli er Silje Sveen ansatt som fiskevelferds- og bærekraftansvarlig i Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett.
Selskapene drifter fire matfisklokaliteter i samdrift, ved Svanøy og Batalden utanfor Florø.
Ho vil være tilknytta kontorfellesskapet på Fugleskjærskaia, der også blant anna Svanøy Havbruk og Godfisken er lokalisert. Silje flytta til Florø i sommer, saman med samboer og to barn, etter 19 år i Bergen.
- Dette blir eit nytt spennande kapittel. Foreløpig er den nye tilværelsen svært positiv, sjølv om det var utfordrande å bryte opp frå storbyen etter så mange år, medgir ho. Silje er yngste datter til Elin og Trond Sveen i Marø Havbruk, og med storesøster Gro ved roret i Svanøy Røykeri, er neste generasjon godt implementert i familiebedrifta.
Silje er utdanna fiskehelsebiolog ved Universitetet i Bergen, og har sidan 2010 erfaring med praktisk fiskehelsearbeid frå Akvavet Gulen, jobba med kundeoppfølging og funksjonelle fôr i Cargill (tidligare EWOS), og dei siste 7 årene har ho jobba som kvalitetsansvarlig i bioteknologiselskapet Benchmark Genetics. Hovedfokuset framover blir først og fremst innanfor fiskevelferd og fiskehelsearbeid, samt å følge opp arbeidsoppgaver tilknytta bærekraft. Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett set store ressursar i forebyggande fiskehelsearbeid, for å unngå utfordringar med lakselus og sjukdom.
- Det er ingen som er tjent med at fisken ikkje har det bra, det er faktisk det verste en oppdretter kan oppleve, seier Elin, daglig leiar i Marø Havbruk, og brørne Geir og Nils Tore Karstensen nikker samstemt. Dette er absolutt den viktigaste arbeidsoppgaven til alle ansatte, og det er positivt med fleire hender til å følge opp dette arbeidet vidare. Regelverket og myndigheiter set strenge krav til hyppig innrapportering og oppfølging. Det er positivt med fleire ressurser, som samtidig innehar fagleg kompetanse innan fiskehelse.
Dei siste åra har Silje også jobba bredt innanfor bærekraftsarbeid, og det siste ho fekk implementert var sertifisering ihht miljøstandarden ISO 14001, hos sin tidlegare arbeidsgjevar.
- Det gjøres mange gode tiltak allereie i dag i Marø/Karstensen; elektrifisering av fôrflåtane, innkjøp av el-båtar, bruk av batteriløysingar som reduserer behovet for fossilt drivstoff. Men, det er fordel å sette dette i eit system. og få det ned på det digitale papiret, dette kan eg være behjelpeleg med, seier Silje entusiastisk.
For det er ikkje til å stikke under ein stol, at det måtte ein interessant jobb til for at Silje skulle ta med seg familien og flytte heim.
- Sjølvsagt er det eit stort pluss at så mykje slekt og vener bur i Florø, men ein vier tross alt så mykje tid til jobb iløpet av eit yrkesliv, at det er heilt naudsynt for meg at jobben er interessant og gir faglege utfordringar, seier Silje, og skryt samtidig av eigarane av Marø/Karstensen, som har drifta dei to lokale eigde familiebedriftene sidan 70-80-talet. For det er litan tvil om at det har vore fleire utfordringar iløpet av meir enn fire tiår, i ei relativt ung næring. «Det har tidvis vore svært anstrengande økonomisk og tilfeller av biologiske utfordringar, men investering i ny teknologi og godt utstyr, saman med at vi er tette på fisken kvar dag, har vore ein viktig strategi for oss» avsluttar Elin. Ho er svært glad for at neste generasjon vil ta del i dei lokale eigde familiebedriftene, slik at dei forhopentlegvis fortsatt kan eksistere som ein liten aktør, blant dei mange store oppdrettsbedriftene, som saman utgjør ei svært viktig næring for Norge og Florø.