Folkefest under skipsdåpen til Ronia Diamond
I laksehovudstaden Bergen, under sykkel VM, var det i dag duka for skipsfest då Ronia Diamond vart døypt. Sjå bileta frå dåpen i saken.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ronia Diamond vart døypt midt under sykkel-VM-eventyret med mange tilstades laurdag.
Koplinga til sykkel-VM er Robin Halsebakk som er marknadssjef i Sølvtrans i sommar sykla 4500 kilometer frå Grimstad til Kirkenes. Dette gjorde han for å promotere sykkel-VM, besøke sjømatbedrifter og samtidig samle inn pengar til kreftsaka.
Ein bunadskledd Robin Halsebakk hadde tidlegare på dåpsdagen vorte intervjua av TV2 og fekk vist fram båten i beste sendetid, og fortel den ikkje er heilt ferdigstilt, men at dei måtte få den ned til sykkel-VM i laksehovedstaden for å visa den fram.
Halsebakk seier til kyst.no at sykkelturen var ei stor positiv overrasking frå A til Å.
- Både når det gjeld engasjementet langs kysten frå både sjømatnæringa og små lokalsamfunn, alle folka vi har fått møte, innsamlinga til kreftsaka og ikkje minst den store opplevinga av å faktisk sykle heile Noreg på langs, og å få vere på tur med en fantastisk kollega, seier Halsebakk til kyst.no.
Ovverrekte ein million kroner
Resultatet vart imponerande 1 million kroner. Desse vart overrekt til Kreftforeninga under dåpsseremonien på Statsraad Lehmkuhl-kaia.
- Foreninga fortener kvar ei krone som kan bidra til å hjelpe dei som har utvikla kreft, og forhåpentlegvis finn dei ei løysing på utfordringa! Alle har dessverre et forhold til kreft, enten direkte eller indirekte, og eg synes det er viktig å bidra i kampen.
- I hovudet var jeg ikkje så sliten, og kroppen føltes heilt frisk og rask! Likevel levde eg i ei "boble" med eit klart mål om å nå fram til Kirkenes, uansett kostnad.
- At det var så langt mellom sjømatbedriftene i nord gjorde at det blei svært lange daglige distansar. Siste dagane fra Tromsø til Kirkenes, via Nordkapp, hadde vi rundt 21 mil i snitt med etapper opp i 26 mil. Kroppen blei nedbrutt og musklane i låra blei så nedbrutt at det vart utvikla rabdomyolyse og rett på sykehuset då eg kom heim.
500 tonn levande fisk
Ronia Diamond, bygd ved Myklebust Verft for Sølvtrans, er selskapets nye tilskot i brønnbåtflåten. Fartøyet er nær 80 meter langt og av typen NVC 387 frå Rolls-Royce.
Gudmor til fartøyet var Anja Halsebakk, som er dotter til administrerande direktør i Søvtrans Roger Halsebakk.
Fartøyet har ein brønnkapasitet på heile 3200 kubikkmeter, og kan frakte om lag 500 tonn, tilsvarande rundt 150 000 levande fisk.
I tillegg til transport av levande fisk, er båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lakselus.
Fartøyet skal først operere i Norge, men skal allereie neste år til Chile for å starte på ei langsiktig kontrakt.
Søsterskip
Søsterskipet Ronja Ocean vart og tidlegare i år levert frå Myklebust Verft, og gjekk i mars rett inn i ein langtidsavtale for OMS i Nord-Trøndelag.
Les også:
- Sykkel-VM tråkkes snart i gang med laksen i fokus
- Sykler for kreftsaken- Skal besøke oppdrettsanlegg langs hele kysten
- Robin er i mål og har samlet inn over millionen
Sjå fleire bilete frå dåpen under.
[gallery link="file" columns="7" size="medium" ids="147429,147528,147500,147527,147430,147434,147432,147498,147497,147504,147433,147426,147241,147240"]