Myklebust Verft leverer brønnbåt til Sølvtrans
Myklebust Verft har levert brønnbåten «Ronja Nærøysund» til Sølvtrans Rederi. Fartøyet er verftets bygg nummer 76 og er det 4. i rekka av avanserte brønnbåtar fra verftet i Gursken til verdas største brønnbåtrederi.
- Vi er svært nøgde med at fartøyet er levert og klart for oppdrag. Samarbeidet med Myklebust har vore bra og vi overtar eit topp moderne fartøy av høg kvalitet som vi gler oss til å sette i drift, seier dagleg leiar Robin Halsebakk i Sølvtrans.
Fartøyet har ein lastekapasitet på 4000 m3, og er bygd for å ivareta fiskevelferd på ein best mogleg måte. I tillegg har skipet installert batteripakke for å møte framtidas miljøkrav.
- «Ronja Nærøysund» er eit produkt vi er svært stolte av å levere fra oss, og våre ansatte har gjort ein formidabel jobb. Ein framtidsretta brønnbåt som dette er kompleks å bygge, og eit tett og godt samarbeidet med rederi og underleverandørar er også avgjerande for å lykkast, seier dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Myklebust Verft
Samarbeidet mellom Myklebust Verft og Sølvtrans held fram, og verftet har ytterlegare 2 fartøy i ordreboka til same rederi. Skroget til bygg 77 kom til Myklebust førre veke, medan skroget til bygg 78 er under bygging i Tyrkia.
- Situasjonen ved Myklebust er i betring etter eit krevjande fjorår. Vi ser lysning i covid situasjonen og har bra med arbeid i 2022. Samstundes jobbar vi med å få på plass meir arbeid ut over i 2023, avsluttar Conradi Andersen.