Sekkingstad bidrar til skule i Uganda
Foredlings- og eksportselskapet Sekkingstad AS på Sotra støttar “Bring Children from the street” si bygging av ny skule i Uganda.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Der byggjer vi kjøken og spiseavdeling. Bygginga er litt forseinka pga. byråkrati, men går ellers som planlagt, seier dagleg leiar Bård Sekkingstad i Sekkingstad AS, til Salmon Group.
Ei bygning er ferdig og ei godt i gang.
- Vi har utvida samarbeidet, og blitt einige om ei hospiteringsordning for barn/barnebarn (ungdomar over 18 år) av tilsette. I praksis vil vi støtte reiser og opphold for ungdomane når dei reiser og jobbar for Bring Children from the street. Mi dotter, Ida Kristine er først ut. Ho er i Uganda no og jobbar for Bring Children from the Street, seier Bård Sekkingstad.
Du kan sjå hennar blogg her.