
Frå Sjømat Norge til Söderberg & Partners
Ole Troland er ferdig i stillinga si i Sjømat Norge. No ventar nye oppgåver for den engasjerte austevollingen.
Etter nokre år som rådgjevar for havbruk i Sjømat Norge har Ole Troland (29) no gått inn i rolla som havbruksspesialist i firmaet Söderberg & Partners.
Söderberg & Partners vart grunnlagt i Sverige i 2004 og er i dag ein leverandør av formuesforvaltning og bedriftsforsikringstenester i Norden og Nederland.
Troland fortel til Kyst.no at hans oppgåver i den nye stillinga vert å vidareutvikle sjømatsatsinga til Söderberg & Partners.
- Med eit sterkt meklarteam som har stor kunnskap innanfor bransjen og behova som verksemdene har, trur eg det vert kjekt å tiltre som fagspesialist innanfor bransjen eg brenn mest for av alt, påpeikar han.

- Hjelpe aktørane i næringa
Troland starta i den nye jobben 2. januar i år, og fortel at han frå tida i Sjømat Norge tar med seg masse kunnskap rundt korleis ulike prosessar innanfor sjømatnæringa føregår, både politisk og regulatorisk.
- Måten dei tilsette i Sjømat Norge jobbar med problemstillingane til næringa er formidabel, så eg sit igjen med ein enorm respekt for arbeidet som vert gjort. Det var særs kjekt å jobba saman med ein gjeng der alle tenkte sjømat både morgon og kveld. Arbeidskapasiteten og lidenskapen for næringa i organisasjonen tar eg av meg hatten for, seier Troland, som no er klar for nye oppgåver.
- Kva trur du blir dei største ulikskapane frå Sjømat Norge og Söderberg & Partners?
- Eg vil framleis jobba tett på næringa, men frå ein annan vinkel. Målet vil som før vera å hjelpa aktørane i næringa, slik at deira drift skal vera best mogleg.
Solid sjømatteam
Troland seier at i samarbeid med meklarane i Söderberg & Partners trur han at dei skal klara å gje verdi til verksemdene, og vera til hjelp når det trengs.
- Den største forskjellen er vel at eg ikkje i same grad vil jobbe direkte inn mot dei meir politiske spørsmåla som angår næringa, understrekar han.
29-åringen frå Austevoll fortel at han gler seg til å ta fatt på dei nye utfordringane i Söderberg & Partners med eit solid sjømatteam.
- Samstundes er eg særs takksam for åra eg hadde i Sjømat Norge, avsluttar han.