Tommel opp til torskelokalitet
Bremanger formannskap vedtok torsdag å gi Sjømatstaden AS løyve til å nytte ein lokalitet på Busta ved Elde i Bremanger til torskeoppdrett.
Det skriv Fjordenes Tidende.
Kommunen hadde fått saken oversendt frå fylkeskommunen for utlegging til offentleg ettersyn i samråd med søkar. Dette skjedde i starten av desember, og rett før formannskapsmøtet fann stad torsdag var det kome inn ei klage på høyringsutspelet. Dette gjorde at saka måtte gjennom ei ekstra politisk behandling i formannskapet.
Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) kunne i møtet stadfeste at søknaden var i samsvar med gjeldande kommunearealplan frå 2004, skriv avisa.
I framlegget til vedtak frå kommunedirektør Tom Joensen var det stilt klare krav til Sjømatstaden for at det skulle bli gitt løyve til å bruke lokaliteten på Busta ved Elde i Bremanger til oppdrett av torsk.
Det har blitt søkt om ein årsproduksjon på 3120 tonn total biomasse. Anlegget skal også ha oppsamling av slam og optimalisering av fôr-forbruk som dermed gir mindre påverknad på det biologiske mangfaldet på lokaliteten.
SjømatStaden blei til i møtet mellom familiebedriftene Eide Fjordbruk og Kvernevik, som har gått saman for å skape sjømat for framtida.