I Nord-Norge gjennomfører sjørøye beitevandringar frå ferskvatn og ut i sjøen om sommaren. Ny forsking viser at den sluttar å vekse dersom den får berre nokre få lakselus på seg. Fotograf: Per Gunnar Fjelldal / HI

Lakselus stoppa veksten til sjørøye

- Det overraska oss å sjå kor stor effekt lakselus hadde på sjørøye, den slutta nesten heilt å vekse då den vart infisert med lus i forsøket vårt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det fortel havforskar Per Gunnar Fjelldal. Saman med kollegaer har han undersøkt kva som skjer med laksefisken sjørøye når den får lakselus på seg, skriv HI på sine sider. 

- Vi fant ut at med aukande nivå av lakselus fekk sjørøya problem med å regulere saltbalansen i kroppen, og dødelegheita auka. Dette har vi også sett hos laks og sjøaure, så det var ikkje overraskande å finne dei same effektane også hos sjørøye, seier Fjelldal.

- Det som overraska oss, var altså den store verknaden sjølv lave nivå av lakselus hadde på veksten.

Lusa likar alle laksefiskar – også røye

Lakselus er ein parasitt som lever i sjøvatn. Den et på fiskeskinnet, noko som kan medføre at fisken får sår. Då vert den meir utsett for sjukdomar, får problem med å regulere saltbalansen og får generelt dårlegare velferd. I verste fall døyr fisken.

Lakselusa leve på og av laksefisk — derav namnet. Døme på laksefisk er laks, sjøaure og altså sjørøye.

Røya har ulik livsstil i nord og sør

Sjørøye er ein svært ettertrakta mat- og sportsfisk, og det er lange tradisjonar for fiske etter sjørøye i Nord-Norge.

Det finst røye både i Sør- og Nord-Norge, men fisken har ulik levemåte:

- I sør lever røya hovudsakleg heile livet i ferskvatn, mens den i nord også vandrar ut i sjøen på beitevandring om sommaren. Røye som vandrar ut i sjøen blir kalla sjørøye, seier Fjelldal.

Og akkurat denne beitevandringa er svært viktig for sjørøya:

Fisken oppheld seg i sjøvatn i ca. ein månad. I løpet av denne tida kan den doble vekta si.

Sjørøye som har vært 3 måneder i ferskvann etter et 4 ukers opphold i sjøvann. Fisken til venstre er en umoden fisk, mens fisken til høyre er en kjønnsmoden hannfisk. Foto: Per Gunnar Fjelldal / HI

- Vektauken er viktig for at den skal overleve vinteren, og ikkje minst for å fullføre kjønnsmodning og gyting om hausten, seier Fjelldal.

Veit lite om korleis lakselus påverkar sjørøye

Det ser ut som vekstspurten i sjøvatn er veldig følsam for infeksjon av lakselus, men forskarane treng meir kunnskap om blant anna tidspunktet fisken vert smitta i løpet av sjøvassperioden har betydning. 

Dei siste åra har det blitt stadig meir oppdrett av laks i nordlege delar av Norge, samstundes viser overvakinga som Havforskingsinstituttet gjer på mengde lakselus på vill laksefisk at også mengda lakselus aukar i nord.

Forsøket

Forsøket vart gjennomført på forsøksstasjonen i Matre.

- Vi alte fram smolt av sjørøye, og overførte desse til sjøvatn i kar. Her smitta vi halvparten av fisken med små lakselus, medan resten av fisken var kontrollgruppe.

Forskarane undersøkte fisken over ein periode på fire veker. Dei registrerte effekt av lakselus på overleving, vekst og på saltbalansen til fisken.